nyhende

Bensin- og dieselprisane har nådd nye høgder i vinter. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Bensin- og dieselprisane har nådd nye høgder i vinter.

SV meiner kutt i drivstoffavgifta ikkje er nokon god idé

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Å kutte i drivstoffavgiftene vil ikkje gi noka reell avlasting for folk flest, men gjere at drivstoffselskapa sit igjen med stor forteneste, meiner SV.

Overfor Klassekampen poengterer Kari Elisabeth Kaski, SVs finanspolitiske talsperson, at prisane framleis vil vere høge sjølv om ein fjernar drivstoffavgiftene.

– Du kan kutte maks 8 kroner på pumpeprisen om vi kuttar alle avgiftene. Aukar prisen til 40 kroner literen, vil han framleis vere mellom 30 og 35 kroner utan avgiftene. Det er himmelhøgt og ikkje noko folk har råd til. Då har du brukt 20 milliardar kroner på å gi forteneste til drivstoffselskapa, utan å gi folk flest avlasting, seier Kaski.

SV ønskjer heller ei kompensasjonsordning basert på ein «grøn folkebonus».

Raudt vil på si side kutte drivstoffavgiftene og kollektivprisane dei neste tre månadene – og meiner at dette ikkje kan vente til revidert budsjett. Partiet har meint at drivstoffavgifta må aukast, men at ein ikkje kan akseptere høgare prisar no.

– Dette er kanskje ein stråmann, men eg er redd for at viss vi som klimaparti seier at prisar som dette er heilt OK, vil ein miste folkeleg legitimitet for klimapolitikken, seier Raudt-nestleiar Marie Sneve Martinussen.

MDG ønskjer ikkje å kutte i drivstoffavgiftene, men vil heller ikkje auke dei no, skriv partileiar Une Bastholm til Klassekampen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS