nyhende

Olav Østebø Olsen er SV sin førstekandidat.FOTO: PRIVAT
Olav Østebø Olsen er SV sin førstekandidat.

SV med nykomar

Sosialistisk Venstreparti går til val på eit grønt og sosialt rettferdig Sveio. Dei stiller med eit nytt andlet til haustens val. — Eg er klar til å gjera ein innsats for kommunen min, seier Olav Østebø Olsen.

Publisert Sist oppdatert

Fem på topp SV

  1. Olav Østebø Olsen
  2. Eli Neeraas Vihovde
  3. Marie Jahren Fludal
  4. Viljar Grutle
  5. Arvid Bentsen

— Det er sjølvsagt spanande å vera på toppen av lista. Eg er ein nykomar i sveiopolitikken, seier Olav Østebø Olsen.

Han er SV sin nye førstekandidat. Vert han valt inn, tek han over for SV sin noverande representant i kommunestyret, Kristina Våge Ballard. Ho har tidlegare gjeve beskjed om at ho ikkje ynskte attval.

Klar til å gjera ein innsats

Olsen fortel at det var ein nominasjonsprosess uten dramatikk.

— Me er eit lite lokallag, og eg håpar eg ikkje avslører for mykje om eg seier at det ikkje akkurat har vore knallhard kamp om listeplassane, seier han.

No gler han seg til å kjempa om veljarar.

— Eg er klar til å gjera ein innsats for kommunen min, seier Olsen.

Brenn for skulen

Deira fokus i valkampen vert skulen, bygdene, og eit grønt og sosialt rettferdig Sveio.

— Blant dei største utfordringane i Sveio, er korleis me skal utvikla bygdene, og korleis me skal få til framtidsretta næringsutvikling i kommunen, seier Olsen.

— Har dykk ei hjartesak?

— I Sveio SV brenn me særleg for skulen. Me må gje lærarane det dei treng for å gje elevane ein enno betre skulekvardag sjølv om det kostar, svarar Olsen.

Lista til SV er ei av dei mindre, med åtte kandidatar. Olsen meiner dei har ein god geografisk fordeling.

— Sjølv bur eg sør i kommunen, nær Vågedalen. Ser me på alle kandidatane, er det god spreiing. Halve lista er frå kommunen sin nordre del, seier han.

Powered by Labrador CMS