nyhende
Sunnhordland på karrieremesse
Bu i Sunnhordland har tatt initiativ til å representera heile Sunnhordland på Karrieremessa i Grieghallen i Bergen tysdag.
Karrieremessa har sidan 2009 samla mellom 500 og 700 studentar årleg. Messa blir sett på som ei god plattform for å nå ut til studentar som ser seg om etter plassar å bu og arbeida etter fullført utdanning.
– Me er utruleg stolte av å leia denne fellesdeltakinga på Karrieremessa. Det er ein fantastisk moglegheit til å fremja Sunnhordland som ein attraktiv region for både arbeid og bustad. Me ser fram til å dela historiene om Sunnhordlandslivet, om vårt vakre landskap, sterke samfunn og dei spennande karrieremoglegheitene som finst her, seier Nina Matre, prosjektleiar for Bu i Sunnhordland og talsperson for initiativet.
Bu i Sunnhordland er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunar og næringsliv i regionen.