nyhende
Sumde frå Tjernagel til Auklandshamn
Richard Jacobsen treng ikkje basseng når han har eit heilt hav å bruka. Søndag sumde han og Astrid Opedal tre kilometer i Bømlafjorden. Tradisjonen tru vart det «after swim» med vener etterpå.
– Har du gongesperre?
– Nei, eg har ikkje det heldigvis, men eg merkar at eg har symja, ler Richard Jacobsen dagen etter den store symjeturen.
God utsikt
Søndag sumde han og Astrid Opedal heile tre kilometer frå Magerholmen i Bømlafjorden til Austre Vågen i Auklandshamn.
– Korleis var sjøen?
– Den var fine. Me byrja i motstraum, men eg har inntrykk av at det er meir straum midtfjords enn langs land, seier Jacobsen.
Dei to sumde langs Lialand. Sidan dei var på grunnare vatn hadde dei til tider god utsikt nedover.
– Det var ein fin botn. Me såg ein del fiskereiskapar og liknande, seier han.
Byrja ein sein kveld
Det heile byrja med beskjedne symjetak i 2011, den årlege samlinga kjend som «Swim Trim».
– Me sat hos nokre vener ein sein kveld og leika med tanken på å symja frå Nappholmane og inn til Auklandshamn. Så gjorde me eit forsøk, og så har det balla på seg sidan den gong, seier han.
Auklandsbuen har no i 12 år halde fram med å arrangera symjeturar over og langs Bømlafjorden. Utanom den årlege turen får han inn nokre treningsøkter i sjøen og i basseng.
Tidlegare har han sumt til dømes frå Bømlo til Sveio. Denne gongen hadde turen ei lengde på tre kilometer. Det skulle eigentleg vera fem symjarar, men tre av dei var på feire, så det vart berre Jacobsen og Opedal.
— Me brukte cirka to timar og hadde følgjebåt heile distansen, seier Jacobsen.
Ser på Ryvarden
Opedal får skryt av arrangøren som ein jamn og effektiv symjar.
– Det er kjekt me får med jenter på laget også, seier han.
Like mykje del av tradisjonen som symjinga har det som kjem etterpå vorte. Då arrangerer han sin sommarlege vri på noko mange forbind med vinteren.
— Då vart det «after swim» i garasjen min med om lag 20 vener til stades, fortel Jacobsen.
Til neste år lurar han på å utvida prosjektet.
– Me har planar om å symja på Ryvarden når det er fint vêr, ute på det opne hav. Og så ynskjer me mogelegvis å snorkla langs land på ruta me sumde i går, seier han.
– Kor går symjeturen neste år?
– Det veit eg ikkje. Me vurderer Førdesfjorden. Den kan vera aktuell, men me har også andre alternativ, seier Jacobsen.
– Tek de i mot foreslag til ruter, og kan folk hiva seg på?
– Ja sjølvsagt, svarar han.