nyhende
Suksessen kan gi fleire store konsertar i Sveio
Det spektakulære stuntet, som det var å putte Bergen Filharmoniske orkester inn i idrettshallen på Vigdartun, har gitt leiinga i Farten Valen-festivalen meirsmak med tanke på å få til store ting i Sveio også i framtida.
Dei kulturelle høgdepunkta stod i kø i Sveio under Fartein Valen-festivalen sist veke. Festivalen, som er delt mellom Haugesund og Sveio, hadde lagt opp til fleire publikumsgodbitar. Opningskonsert med bestillingsverket «Musikk ved havets begynnelse» av komponist og pianist
Ketil Bjørnstad i Festviteten i Haugesund onsdag og Ingebjørg Bratland med band i Sveio kyrkje torsdag kveld innleia musikkfesten.
Og så, sjølve karamellen under årets festival: Bergen Filharmoniske Orkester. 70 musikarar og 60 koristar på til saman under ein to timar lang seanse, med framføringa av mellom anna Fartein Valens Fiolinkonsert fredag kveld.
Vår Frelsers for liten
Konserten med «Harmonien» blei lagd til Vigdartun fordi ein raskt slo fast at til og med Vår Frelsers kyrkje i Haugesund vart for liten til eit så stort ensemble.
Mange var spente, både på akustikken i hallen og på publikumsoppmøtet. Begge delar innfridde til gangs.
— Det vart overveldande fint. Me var litt spente då med sjekka billettsalet fredag morgon. Då var det selt berre 125 billettar. Men så viste det seg at det vart både fullt hus og god stemning. Det var ein stor inspirasjon for orkesteret å sjå oppslutnaden frå lokalsamfunnet i Sveio, seier orkesteret sin kommunikasjonssjef Henning Målsnes til Vestavind.
Dei synest også at Vigdartun fungerte godt til ein slik type konsert.
— Akustikken fungerte overraskande bra, og musikarane gav uttrykk for at det var ein fin klang i rommet, fortel han.
Det kan bli meir
Festivalsjef Ole Jørgen Furdal er særs nøgd med festivalen. Han trekkjer særleg fram konserten med Harmonien. Og han lèt seg imponere av publikumsoppslutnaden i Sveio.
— Den oversteig besøket på konserten i Haugesund med god margin, det var utklassing, seier han.
Han meiner at dette viser at det er mogeleg å gjennomføre slike konserter i Sveio. Samtidig understrekar han at føresetnaden for suksessen var alle som bidrog på dugnad, mellom anna med å rigge scena til koret. Han rettar ein spesiell takk til ungdomsorganisasjonen Ung Sveio, som han fortel arbeidde med stor glød. Også kulturavdelinga i Sveio kommune og fleire frivillige var med.
— Me håpar dette kan vere ein mal for korleis me kan få til store ting i Sveio seinare også, seier han.
Vil ha staten med
Også Sveio-ordførar Linn Therese Erve, som også er nestleiar i Fartein Valen-stiftinga, er nøgd. Ho trekkjer fram at komponisten Fartein Valen nok for mange kan opplevast å ha eit smalt uttrykk.
— Men gjennom dei varierte arrangementa me har hatt har også eg opplevd at det er mogeleg å ta det inn. Eg har i alle fall opplevd det slik, seier ho.
Ho meiner festivalen bidreg til å gjere Valen sin musikk, og til å gjere musikk-kultur generelt meir tilgjengeleg for mange.
Også ho held konserten i Vigdartun fredag som eit høgdepunkt.
— Det var mektig, seier ho.
Ordføraren trur festivalen er med på å sette både Valen og Sveio på kartet. No har ho forventingar om at staten ser det som eit nasjonalt ansvar å ta vare på Valen sin musikalske arv.
— Me jobbar godt på lokalt og fylkeskommunalt nivå med det, men meiner det også er eit nasjonalt ansvar, seier ho.
Valensenter på gang
Som Vestavind kunne fortelje for ei veke sidan, vert det no jobba med nye planar om å byggje opp eit Valensenter i komponisten si heimbygd Valevåg. Det er mellom anna her ein håpar å få staten med på laget, gjennom bidrag frå Norsk Kulturråd.
Også vêret var med festivalen, noko som bidrog til at utandørs-arrangementet ved Valenheimen sundag, der mellom anna dansegruppa Frikar tolka Fartein Valen, fekk ei perfekt ramme, og med mange besøkande.
— Ei fantastisk oppvisning, seier festivalsjef Furdal.
2022 er eit minneår for Fartein Valen, og det blir fleire arrangement seinare.
— Minneåret varer til november. Me skal kome tilbake med haustprogrammet, men no først skal me fordøye festivalen, seier han.