nyhende
Suksess som gav meirsmak
Sveio IL sitt A-lag i fotball har imponert i 6. divisjon haust. Trenaren meiner opprykk er eit naturleg mål framfor neste sesong.
A-laget til Sveio IL sine herrar vann sju av dei åtte siste kampane i 6. divisjon. Men svake resultat i vårsesongen øydela mogelegheitene for å vinne avdelinga og rykke opp.
Den dårlege sesongstarten hang truleg tett saman med at det var få spelarar på trening, og at ein ikkje lukkast å få til ein einaste treningskamp.
— Me hang rett og slett ikkje med når me kom til dei første kampsituasjonane, fastslår trenar Henrik Grasdal Larsen.
Men utover året kom fleire spelarar til, mellom andre Øyvind Kirkeleit, som har vore ein klar forsterking for laget.
— Etter kvart fekk me også høve til å stille med same lagoppstilling i fleire kampar på rad. Det hjelpte på, seier han.
Fra stortap til lang sigersrekke
Noko av det som fortel om «forvandlinga» dei opplevde utover sesongen at denne sesongen blei innleia eit av det som truleg er eit av dei tapa i Sveio IL si fotballhistorie: 0-12 borte mot Ølen IL.
I haust spelte dei uavgjort mot same lag heime.Blant fleire sterke resultat i haust er også ein 3-1 siger heime mot seriemeister Kopervik-2. Det einaste tape til Karmøy-laget denne sesongen.
Sveio-trenaren meiner laget i haust har vist at dei er gode nok til å kunne spele ein divisjon opp, og er klar på at det no bør vere målsettinga for klubben.
Ifølgje tilbakemeldingane han har fått frå stallen som sist sundag la glasuren på den gode haustkaka, med 7-2 siger i siste seriekamp borte mot Vard-3, så ser det ut til at dei aller fleste som avslutta haustsesongen heng med til neste år.
— Kanskje får me med oss et par hovud ekstra også, fortel han.
Sjølv er Henrik Grasdal Larsen er klar for å ta fatt på sin tredje heile sesong som trenar for A-lagt neste år, ein jobb han gjer på same vilkår som alle andre trenarar i Sveio IL – på dugnad.
Det er ikkje klart korleis 6. divisjons-avdelinga nord for Boknafjorden vil sjå ut neste år enno. Det som er klart at det blir færre såkalla 2-er-lag i avdelinga. Altså rekrutteringslaga til klubbene som har lag i divisjonar lengre opp. Kopervik-2 skal opp til 5. divisjon. Sveio IL er nok ikkje dei einaste som vil gi gass for å rykke opp neste år.
— Eg reknar med at både Ølen, Falkeid og ikkje minst Skjoldar/Vats, som rykte ned frå 5. divisjon i år, kan bli lag som vil kjempe om opprykk neste år, seier han.
— Gode forbilde
Leiar i fotballgruppa i Sveio IL, Ine Salte Andersen, er begeistra for det fotballaget har fått til.
— Me er stolte over det A-laget har fått til i haust. Spelarane er gode forbilde for yngre medlemmar i fotballgruppa, og resultata dei har levert er god Sveio-reklame, skryt ho.
Ho fortel at styret fotballgruppa ikkje har evaluert årets sesong enno, noko dei skal. Men ho ser det som naturleg at det blir snakka om kva som eventuelt må på plass for å planlegge for ein sesong som kan vere god nok med tanke på eit opprykk.
— Det hadde vore kjekt om dei klarte å rykke opp, seier ho.
Trongt om plassen
Eit av spørsmåla idrettslaget jobbar med spesielt er banekapasitet. For det er trongt om plassen med mange lag på aldersbestemt nivå, og vinterstid er det periodar ein grunna vêr og føre ikkje har eit tilbod. Det kan igjen bety noko med tanke på sportslege resultat, når ein møter motstandar som kan trene innandørs heile året. Tankar om å få til kunstgrasdekke i ein eventuell ny idrettshall i Sveio er difor noko det no blir snakka om.
— Per i dag er det slik at fotballgruppa, som utgjer 60-70 prosent av alle dei om lag 500-550-medlemmane i Sveio IL, ikkje har treningstilbod om det er snø eller is på banane, minner ho om.