nyhende
Subsidiekrangel: Kor mykje skal norsk landbruk koste?
Samfunnsøkonom Martin Bech Holte vil kutte subsidiane til landbruket og tenkje stort. Småbrukarlaget åtvarar på si side mot å gjere matproduksjon til eit reint økonomisk spørsmål.
Samfunnsøkonom Martin Bech Holte har skapt stor debatt med den nye boka si «Landet som ble for rikt». Der tek han mellom anna til orde for å slanke statsbudsjetta ved å stramme kraftig inn på statlege overføringar. Ifølgje Holte har Oljefondet ført til at norsk økonomi er gjennomsubsidiert i alt frå offentleg og frivillig sektor til privat næringsliv.
Til Nynorsk pressekontor seier Holte at mange av overføringane til næringslivet ikkje lenger handlar om å gi ein ekstra dytt til innovasjon og utvikling av ny teknologi – men òg om å halde liv i næringar som ikkje er liv laga.
– Har aldri prøv å bli konkurransedyktig
Landbruket, som er sterkt avhengig av subsidiar og tollbarrierar, er ei av næringane Holte meiner tappar norsk økonomi i staden for å tilføre verdiar:
– Subsidieringa av landbruket er ikkje det verste, men ein del av det store biletet. Historisk sett var jo bøndene frie og sjølvstendige menneske, medan subsidiane har gjort dei avhengige av staten. Subsidiar stimulerer verken til rasjonell produksjon, innovasjon eller produktutvikling.
– Seier du at subsidiar gjer bøndene late?
– Subsidiane låser oss fast i ein struktur av norske gardar som ikkje gir stordriftsfordelar og rasjonell produksjon. Då må vi nesten spørje kva vi eigentleg ønskjer. Er det mest av alt eit fint kulturlandskap vi vil ha? Og viss det er det; finst det ein meir kostnadseffektiv måte å få det på – og samtidig ha ein rasjonell produksjon av landbruksprodukt i minst like stort i volum som i dag?
– Landbruket har faktisk aldri prøvd å bli konkurransedyktig, slik som industrisektoren gjorde då dei byrja å automatisere og gjere ting smart, seier Holte.
– Må sjå på strukturen
Han var sjølv leiar i industrigiganten Aker då selskapet investerte 50 millionar kroner i Saga Robotics, som i dag har over hundre landbruksrobotar i drift i fleire land.
– I praksis tek du til orde for at endå fleire små bruk bør leggast ned, fordi det å vere liten kostar for mykje?
– Ja. Om vi skal ha eit meir konkurransedyktig landbruk, må vi sjå på strukturen. Meir skalaøkonomi i produksjonen er naudsynt for både effektivitet og investeringsevne i ny teknologi og produksjonsmetodar. Og då vil talet på bruk bli påverka, seier Holte.
– Det betyr ikkje at gardane vil forsvinne. Mange slekter vil ønskje å bevare dei for framtida. Men gardane si rolle i aktiv gardsdrift kan bli ei anna.
Urettvis konkurranse
Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og tidlegare bondeopprørar, er ein av dei som har jobba hardt for meir pengar til norsk landbruk. Han har vore like klokkeklar på at han ikkje kjempar «for at underbetalte bønder skal produsere mest mogleg, billig kjøtt på importert fôr og ha stadig fleire dyr i fjøset». For det er dèt han meiner vil bli resultatet av oppskrifta til Holte:
– Vi treng eit landbruk som har større kontroll over produksjonen og som tør å utvikle seg og ta større ansvar. Men svaret er ikkje stordrift. I Ukraina har ein til dømes sett at det er småskalaprodusentane som har sikra matberedskapen under krigen.
Solberg seier den viktigaste saka for laget no er å få regjeringa til å endre på talgrunnlaget som ligg til grunn i planen for korleis ein skal tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper innan 2027. Samstundes som han etterlyser meir ærlege tal, er han glad for at det ligg inne eit tak på husdyrtilskot, slik at det ikkje blir gitt tilskot til industrielt jordbruk. Han er også nøgd med eit teigbasert prøveprosjekt i Nord-Noreg, der eit nytt tilskotssystem skal gjere det meir lønnsamt for bøndene å drive dei aller minste jordteigane.
Må bu oss på å betala meir
Han er likevel tydeleg på at også forbrukarane må bu seg på å betale meir for norsk mat:
– Nordmenn brukar tolv prosent av inntekta si på mat og den mest kjøpte daglegvara er brus. Samstundes kastar vi mat for over 20 milliardar kroner i året. Om norsk mat får sin reelle verdi i butikkane, kan det føre til mindre matkasting og bidra auka norsk mattryggleik og verdiskaping, seier han.
I tillegg meiner han tollvernet må styrkjast ytterlegare for å sikre at norske bønder ikkje blir utkonkurrerte av utanlandske landbruksprodukt:
– Det er ikkje utan grunn at Trump har varsla auka toll på importerte varer – og det skjer i eit land som er blant dei største på industrilandbruk i verda. Mange av landa norske bønder konkurrerer med, har dessutan heilt andre og dårlegare krav til dyrevelferd, medisinbruk og utslepp. Då blir det heller ikkje ein reell konkurranse.