nyhende

Stord-Oslo-ruta kan vere historie frå 1. oktober, om ein ikkje lukkast med ein plan som sikrar lønsamt drift.FOTO: SUNNHORDLAND LUFTHAMN
Stord-Oslo-ruta kan vere historie frå 1. oktober, om ein ikkje lukkast med ein plan som sikrar lønsamt drift.

Styrkjer flytilbodet mellom Stord og Oslo

Det blir i vår fleire avgangar å velje mellom, om du likar å reise med fly mellom Stord og Oslo.

Publisert Sist oppdatert

Flyselskapet Danish Air Transport (DAT) ser ein auka etterspurnad på ruta, og set difor inn tre fleire rotasjonar på Oslo-Stord frå 24. april, og enda to nye frå 16. mai.

— Vi ser positive teikn på bestillingar denne sommaren, og kan sjå at vi snart er på same passasjertal som sommaren 2019, seier direktør Jesper Rungholm i DAT i ei pressemelding.

51 prosent auke

I mars hadde selskapet 21 prosent fleire tingingar enn normalt, og fauk 51 prosent fleire passasjerar enn i februar.

— Vi får dagleg førespurnader frå kundane våre om auka frekvens på osloruta. Vi er glade for at DAT no set opp kapasiteten på ruta, seier Jan-Morten, lufthamnsjef for Stord Lufthamn.

Fem dagar i veka

Frå 16. mai vil selskapet fly to daglege avgangar til og frå Oslo fem dagar i veka. Då er det berre tysdag og laurdag du ikkje vil kunne fly til og frå hovudstaden over Stord lufthamn.

Powered by Labrador CMS