nyhende
Studentar skal ha meir fysisk undervisning
Regjeringa opphevar kravet om digital undervisning og eksamen på høgskular, universitet og fagskular.
NTB-NPK: Hovudregelen framover er at alle studentar skal ha delar av undervisninga si på campus. Regjeringa tilrår jamleg testing og at det er maksimalt 30 personar i klasseromsundervisning.
I auditorium kan det vere inntil 200 personar med faste tilviste plassar.
Studiestadene må følgje dei generelle smittevernråda: Å halde meteren og lufte, og tilsette og studentar med symptom må halde seg heime.
Sjølv om hovudregelen framleis er heimekontor, blir det òg litt meir rom for å vere fysisk på jobb for tilsette, heiter det i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet. Tiltaka gjeld frå midnatt natt til fredag.
(©NPK)