nyhende
Strenge tiltak for sveibuen
Sidan onsdag i sist veke har koronatiltak gradvis blitt innførte, både på Haugalandet og i Sveio. Status no er at mykje er nedstengt for å unngå nye smittetilfelle, medan skular og SFO skal drifta på raudt nivå.
Regjeringa beslutta tysdag at det skal iverksetjast strenge tiltak i Sveio og kringliggjande kommunar frå 17. mars og fram til 11. april.
For å redusera smittespreiing, er ei lang rekke verksemder stengt ned i Sveio og på Haugalandet: Serveringsstadar, utestadar, butikkar, varehus, treningssenter, svømmehallar, badeland og så vidare, trus- og livssynshus, bibliotek, fornøyelsesparkar, museum, kinoar, teater og tilsvarande.
Matbutikkar opne
Føresegna gir også unntak, mellom anna kan matbutikkar halda ope. Det blir elles skjenkestopp, og forbod om arrangement, med unntak av gravferder og bisettingar.
I offentleg rom er det plikt å bruka munnbind, der éin-metersregelen ikkje kan haldast. Dette opplyser Sveio kommune.
Tilsett påvist
Første melding om smitte relatert til vår kommune kom på laurdag, då var det ein tilsett innan habilitering som fekk påvist korona. Vedkommande har bustad utanfor Sveio. Tysdag 16. mars testa fire innbyggjarar i Sveio positivt, onsdag morgon var det totalt fem smitta, av dei ein elev i vidaregåande skule.
Sjølv om det ikkje blei stadfesta smitte i vår kommune før denne veka, har tiltaka gradvis kome frå onsdag i sist veke, i takt med aukande smittetilfelle i nabokommunar.
To dødsfall
Denne veka kom det også melding om to dødsfall blant innbyggjarar i Haugesund, begge koronasmitta og over 60 år.
– Med ein felles bu- og arbeidsregion med såpass høg smitte i andre kommunar i nærleiken, er det nødvendig med same tiltaksnivå for å slå ned og hindra ytterlegare smitte, seier ordførar Linn Therese Erve. Ho legg til at det er den britiske virusvarianten som no dominerer, og som smittar lettare.
Ordføraren oppmodar alle til å følgja reglane.
– Det er viktig at me må halda oss til reglane, slik at me kan sleppa opp på tiltaka på eit tidspunkt, og ikkje ha dei lengre enn nødvendig. Hald ut, og ta vare på kvarandre, oppmodar Erve.
– Sterkt beklageleg
– Dei nye tiltaka er strenge, og ein håpar at det er tilstrekkeleg til å stoppa veksten i talet på smitta. Det er fem registrerte smitta i går, smittesporing pågår, seier rådmann i Sveio, Jostein Førre.
Han håpar at sveibuen tenker seg godt om framover.
– Jo meir ein klarar å redusera kontaktpunkt, vil ein i større grad hindra vekst i smitte. Med eit krafttak no i ein periode, vil ein snarare få den normale kvardagen.
Næringsdrivande som den siste tida i stor grad har hatt normal drift i pandemien, blir også ramma av nye tiltak.
– Det er sterkt beklageleg, seier Førre.
Sveio kommune har fått litt over ein halv million kroner som skal tilfalla lokale verksemder som er råka av nasjonale eller lokale smitteverntiltak. Korleis denne pakka skal innrettast, skal formannskapet ta stilling til på måndag.