Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Strender du kan besøka i Etne og Vindafjord
Når sola kjem og temperaturen stig, søker mange mot sjø og vatn – og i Etne og Vindafjord finst det over 20 badeplassar å velja mellom. Nokre er godt tilrettelagde med grillar, toalett og god parkering, medan andre ligg meir skjerma til og gir rolege naturopplevingar. Her finn du dei mest brukte, dei mest familievenlege – og kanskje nokre du ikkje har høyrt om før.
Det finst lite som slår ein frisk dukkert ein varm sommardag. Enten du er ute etter langgrunt og barnevenleg, klipper og stupemoglegheiter, eller ei stille vik i skogen, så har kommunane Etne og Vindafjord noko å by på. Alle badeplassane i denne oversikta er del av friluftsområda som blir drifta og haldne i stand av Friluftsrådet.
Mest populære og tilrettelagde
Lie (Vindafjord)
Langgrunt og oversiktleg med pir, sandvolleyballbane, grill, bossdunkar og toalett. God parkering og trygt for små born – ein klassikar for barnefamiliar.
Skjeljarvik (Vindafjord)
Ligg rett ved vegen og er lett å koma til. Her er det utedo og god plass til parkering. Blir mykje brukt av lokale.
Peparen (Etne)
Populær sandstrand med stupemoglegheiter. Det blir jamleg fylt på med sand, og området blir vedlikehalde gjennom ein driftsavtale mellom Friluftsrådet og lokale aktørar.
Honsvika (Etne)
Ligg nær Osnes, berre ein kort køyretur frå Etne sentrum. Du parkerer rett ved stranda, og om sommaren kjem det på plass ei solid flytebrygge i betong – perfekt for eldre born og ungdom. Stranda passar godt for heile familien.
Naturperlene du kanskje ikkje visste om
Likvika (Skjold)
Ei lita, og meir naturprega strand med gapahuk, bålplassar og benkar. Du må gå eit lite stykke frå parkering, men det er ein fin og opplyst veg. Her er det roleg, med færre folk – og fasilitetar som drikkevatn og toalett.
— Eg trur dette er ein plass mange ikkje kjenner til. Men det er ein veldig fin og tilrettelagt plass, seier Solveig Myge som er dagleg leigar i Friluftsrådet Vest.
Vedvika (Vindafjord)
Område i vekst takka vere bygdelaget. Du må gå eit par hundre meter, men kjem til ei flott badestrand med flytebrygge, fastmontert grill og utedo. Ligg like ved eit naturreservat. Ikkje rullestolvenleg, men barnevogn går fint.
Otertong (Vindafjord)
Du må gå ca. 1 km på grusveg og sti, men får løn for strevet. Her kan du sova i telt eller hengekøye, plukka blåbær og fiska. Ein stille og stemningsfull stad – utan fasilitetar, så ta med deg det du treng.
Gardavikjo (Vindafjord)
Ei lun og solrik vik med brygge og svaberg. No er det òg kome opp utestove og bålplass som Friluftsrådet Vest har vore med og finansiert.
— Det hadde vore veldig kjekt om bruken av Gardavikjo hadde tatt seg opp. Me legg ned mykje midlar og ressursar for at folk skal kunne bruka områdene, og då blir me jo glade når me ser at dei er i bruk, seier Solveig Myge.
Det er mogleg å leggja til med båt. Ein perfekt plass for å overnatta i hengekøye eller berre nyta ei varm sommarkveld.
Friluftsrådet held det i stand
Friluftsrådet klipper gras, vaskar toalett og fyller på med dopapir. Dei fleste vassklosett blir stengde frå oktober til mai for å unngå frost, og om vinteren er det fokus på vedlikehald og hogst.
Mange badeplassar blir haldne i orden i samarbeid med lokale lag, foreiningar og frivillige. Nokre har eigne driftsavtalar – men det er alltid eit felles ansvar å ta vare på områda.
— Me ønsker at folk tek med seg heim det dei tek med seg ut, seier Solveig Myge.
Difor oppmodar Friluftsrådet folk om å ta med seg boss heim, spesielt eingongsgrillar og restavfall som ikkje høyrer heime i naturen.
Hugs dette
- Strendene er ikkje campingplassar. Nokre plassar har utfordringar med bobilar og campingvogner, som tek opp parkeringsplass og skapar konfliktar.
- Statleg sikra friluftsområde skal vera opne for alle. Her er det ikkje lov med kommersiell aktivitet eller sal.
- Skal du arrangera noko? Hugs å melda frå til Friluftsrådet, slik at dei kan planleggja og leggja til rette.