nyhende
Streikeramma Sveio-elevar: — Kjenner veldig mykje på stress
Sveio-elevar på Vardafjell vidaregåande skule er bekymra for korleis streiken påverkar utdanninga deira. Dei fortel om kraftig redusert undervising, uoversiktlege timeplanar og dalande motivasjon.
Ingrid Margrethe Hinderlid Helgesen, Frida Hovland Jepsen og Móey Svavarsdóttir hadde alle lagt pandemien bak seg, og denne hausten skulle dei i gang med det som skulle vere det fyrste normale året deira på vidaregåande skule.
Men så kom streiken.
30 av 50 lærarar i streik
På skulen er 30 av 50 lærarar tekne ut i streik, og alle elevar er ramma i forskjellig grad.
— Det er krevjande å måtte gjere alt heime når ein ikkje har like god motivasjon som elles, seier Svavarsdóttir.
Ho har for tida berre eitt fag i veka og har mista nesten all undervising.
Jepsen har gått frå ni til fire emne i veka, og om streiken hald fram risikerer ho også å gå ned til berre eitt.
Helgesen tar påbygg, som vil seie at ho skal ta igjen tre år med teori i løpet av eitt. Då er ein streik i eit så avgjerande år uheldig.
— Eg stressar over å ikkje vere klar til eksamen, seier Helgesen.
Skiftande timeplan
Men det er ikkje berre stans i utdanninga som er utfordrande for dei tre sveibuene, det er alt rundt også.
— For meg som ikkje har lappen så stressar det meg mykje korleis eg skal kome meg fram og tilbake frå skulen, fordi det går ikkje så mange busser frå Sveio, seier Svavarsdóttir.
Viss ein er avhengig av buss så må ein ta det som går. For ein sveibu kan det innebere fleire timar med venting før eller etter skuletimen.
Ifølgje dei er ikkje daudtid noko som berre er før eller undervising, det kan og vere lang venting mellom timane. Nokre gonger forsvinn planlagde timar og blir erstatta med andre emne. Det opplevast uoversiktleg og skiftande for elevane.
— Eg har media, religion, entreprenørskap og historie igjen, men stundom fjernar dei nokre timar så plutseleg har eg ikkje dei emna eingong. Det er vanskeleg å følgje med når du skal ha timar, seier Jepsen.
— Blir det riktig å sei at kvardagen dykkar er prega av kaos?
— Ja, svarar dei tre samstundes.
Vil tilbake til normalen
Elevane har ikkje noko meining om streiken i seg sjølv, men dei håpar å snart kunne vere tilbake til i normal skulegang.
Når streiken tar slutt, fryktar dei å vere på etterskot grunna verknaden av streiken.
— Eg er redd eg kjem til å henge igjen mykje bak dei fleste andre i klassen, seier Svavarsdóttir.
Og dei kan sjå at dei ikkje er åleine om å verte påverka.
— Eg ser at det er folk i klassen som forsvinn etter kvart, fordi det er vanskeleg å henge med, seier Jepsen.
Tenker på elevane
På andre sida av streiken er sveibuen May Britt Haugland, utdanningsrådgjevar og lærer ved Vardafjell vidaregåande skule. Ho er inne i streik på fjerde veka, og ho tenker på elevane.
— Me saknar jo elevane, det gjer me alle, seier Haugland.
Ho opplev streiken som naudsynt, og seier at ho over lang tid sett kvifor den er det.
— Som rådgjevar er rekruttering til læraryrket noko av det eg er mest opptatt av, og eg kan sjå nedgangen i interessa for yrket, seier Haugland.
Kvar dag pendlar ho til skulen frå Buavåg for å halde streikevakt og gå i dagleg streiketog gjennom Haugesund. Dei har ikkje noko ynskje om å gje seg med det fyrste.
— Stemninga og streikeviljen er der, seier Haugland.