nyhende
Streiken i staten rammar politi og høgare utdanning
Akademikerne og Unio streikar frå fredag morgon. Det rammar politi, departement og høgare utdanning – mellom anna universitetseksamenar.
Etter mekling sju timar på overtid vart det klart at Akademikerne og Unio ikkje vart samde med staten i lønnsoppgjeret i år. I første omgang gjekk 1.251 medlemmer ut i streik frå fredag klokka 07.37.
– Vi aksepterer ikkje at staten køyrer over medlemmene våre med tvang, seier forhandlingsleiar Guro Lind for Unio Stat i ei pressemelding.
Det var aldri aktuelt for dei å godta forslaget frå staten.
– Denne avtalen ville gitt ei dårlegare løysing for Unios medlemmer enn i dag, seier ho.
Maktarroganse
Unio og Akademikerne er klart størst i staten, men regjeringa vel å køyre over fleirtalet, meiner Lind. Ho kallar det maktarroganse og ei politisering av lønnsforhandlingane.
Lind får støtte frå leiar Kari Tønnessen Nordli i Akademikerne stat. Ho meiner oppdraget til staten har vore å få Akademikerne tilbake på ein tariffavtale som er tilpassa LO sine interesser.
– Vi streikar for å behalde ein avtale som sikrar at utdanning gir utteljing på lønnsslippen, seier Nordli.
– Regjeringa har sjølv valt streik
Både Lind og Nordli er klare: Staten og regjeringa har sjølv valt streik.
– Behovet i dei statlege verksemdene for å behalde og rekruttere den kompetansen dei treng for å løyse samfunnsoppdraga sine, har vorte underordna behovet for å tekkjast støttespelarane til regjeringa i LO. Dette er endå eit døme på reverseringspolitikken til denne regjeringa, seier Nordli.
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) seier at dei har strekt seg langt for å semjast.
Lik løn for likt arbeid
– For oss handlar det om lik lønn for likt arbeid, same kvar du er organisert. Ulike avtalar kan bidra til auka forskjellar og det kan eg ikkje forsvare. Tilsette i same verksemd, med dei same oppgåvene, skal ikkje ha ulike lønns- og arbeidsvilkår. Derfor har vi stått på kravet om éin avtale, og at alle tilsette skal vere sikra ein lønnsauke, seier ho.
For staten har det vore avgjerande å få til éin avtale og ei ramme i tråd med frontfaget, slår ho fast.
– I ei tid med høg prisvekst og høge renter, må vi ta tydelege og gode val for å sikre folk auka kjøpekraft og betre kvardagsøkonomi. Staten gav derfor eit tilbod som ville sikra begge delar, seier Tung.
Kan få følgjer for eksamen
Allereie måndag blir streiken trappa kraftig opp. Samla vil då over 1.900 medlemmer i Akademikerne og nær 1.600 Unio-medlemmer vere i streik.
Hovuddelen av dei som blir tekne ut i streik frå Unio, jobbar i politiet eller innanfor høgare utdanning. NTNU, Universitetet i Bergen og Universitetet i Søraust-Noreg blir særleg ramma.
Rektor ved Universitet i Bergen, Margareth Hagen, seier til Bergensavisen fredag morgon at streiken vil få konsekvensar for eksamensavviklinga ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Det humanistiske fakultetet.
Også ved dei andre ramma universiteta kan eksamensavviklinga bli ramma.
Sør-Vest politidistrikt ramma
I tillegg blir fleire politidistrikt ramma, utrykkingspolitiet, Kripos og Økokrim. Unio har varsla at streikeuttaket mellom anna rammar fleire passkontor, og fleire av aktivitetane til politiet blir monaleg reduserte.
Unio melder at 116 tilsette i Sør-Vest politidistrikt blir tekne ut i fase to.
Frå Akademikerne vil mellom anna ei rekke tilsette i departementa gå ut i streik.
Riksmeklar Mats Ruland sa torsdag til TV 2 at dette kanskje er det vanskelegaste statsoppgjeret han har leidd.
LO og YS samde
Både LO Stat og YS Stat unngjekk streik.
– LO fekk innfridd vårt viktigaste krav. Det betyr eit lønnsoppgjer med ei ramme som sikrar ei lønnsutvikling i tråd med industrien, på 5,2 prosent. Samtidig fekk vi gjennomslag for vårt andre hovudkrav, nemleg at alle dei tilsette i staten skal ha same tariffavtale. Det er viktig for frontfaget og den norske modellen, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.
Akademikerne fekk i 2016, under Erna Solbergs regjering, gjennomslag for ein eigen tariffavtale i staten. I 2022 valde Unio å gå over til same avtale.
– To ulike avtalar har opna for ei ulik lønnsutvikling over tid, og større lønnsforskjellar. LO kravde éin likelydande avtale for alle dei organiserte i staten. Det kravet har vi fått utteljing for, seier LO-leiaren.