nyhende

Harry Lie og Lailia Vikse Lie ved næbrutikken i Valevåg skrudde av fleire maskinar for å spare på straum. No ligg dei an til å få straumstøtte frå kommunen.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Harry Lie og Lailia Vikse Lie ved næbrutikken i Valevåg skrudde av fleire maskinar for å spare på straum. No ligg dei an til å få straumstøtte frå kommunen.

Straumstøtte innførast i Sveio

Inntil to millionar kroner kan søkjast på av lokale verksemder i Sveio, og ein halv million for enøk-tiltak. 100 000 kroner prioriterast til dei med låg inntekt.

Publisert Sist oppdatert

Saka om lokal straumstøtte har vore aktuell sidan i sommar, då mellom anna dei to nærbutikkane i Auklandshamn og Valevåg meldte om rekordstore rekningar på om lag 50.000 kroner kvar.

— Signala frå det offentlege er å halde ut. Vi har prøvd i fleire månader. Kor lenge skal vi halde ut, spurde Laila i september.

2,5 millionar

I siste kommunestyre før jul vart lokal straumstøtte vedtatt i kommunestyret, og ordninga vil setje av to og ein halv millionar kroner totalt.

Slik fungerer det

  • Verksemder kan søkje om straumstøtte til kommunen frå ein pott med storleik på to millionar kroner.
  • Tilskotet vil basera seg på straumutgiftene frå 1. januar 2022 til 30. september 2022, samanlikna med året før.
  • Verksemda får utbetalt ei prosentvis del av differansen i straumutgifter mellom 2021 og 2022.
    • Formannskapet får mynde til å behandla og avgjere søknadar.

Enøk-tiltak

Ein halv million kroner er sete av til enøk-tiltak, noko både bedrifter og privatpersonar kan søkje på. Enøk-tiltak vil seie noko som gjer energibruken meir økonomisk, til dømes ein varmepumpe.

Representant Arne Valen (Sp) la fram eit eige føreslag om søkjarar med låg inntekt som ynskjer varmepumper.

Han føreslo å setje av 100.000 kroner som skulle prioriterast søkjande med vedvarande låg inntekt, det vil seie 400.000 kroner, eller mindre, årleg.

Det betyr at 100.000 av dei 500.000 kronene meint for enøk-tiltak, blir prioritert søkjarar med låg inntekt som ynskjer å installere varmepumper. Det vart samrøysta vedtatt og inkludert i vedtaket.

Rådmannen får mynde til å behandla og avgjere søknadar.

Powered by Labrador CMS