nyhende
Straumnettselskap får millionbot for «grov aktløyse» – retta ikkje opp feil
Nettselskapet Fagne, som sørgjer for straumnettet på delar av Vestlandet, har fått varsel om ei bot på 2,5 millionar kr for manglande oppfølging av ein feil.
RME konkluderer med at éin eller fleire personar i Fagne har opptredd «grovt aktlaust».
– I denne saka har Fagne gitt feilaktige opplysningar og påført kunden sin ekstra kostnader. Me ser alvorleg på saka og varslar difor eit gebyr på 2,5 millionar kroner, seier fungerande direktør Mari Holen Christensen i RME.
RME er reguleringsstyresmakta for energi. Dei har no gjort vedtak om brot på forskriftene. Samtidig varslar dei eit gebyr på 2,5 millionar kroner, men Fagne vil få høve til å uttala seg først.
– RME understrekar at vurderingane kan endra seg på bakgrunn av eventuelle innkomne kommentarar eller nye opplysningar, skriv dei.
Måtte gjera eigne målingar
Saka dreier seg om ei klage frå Statens vegvesen, som i 2022 fekk problem med belysninga av ein tunnel.
Fagna gjorde ei måling av den elektriske spenninga i nettet på staden, som viste for dårleg kvalitet – utan at dette vart følgt opp i tråd med krava, ifølgje RME.
– Fagne AS opplyste fleire gonger i etterkant av denne målinga feilaktig til Statens vegvesen at spenningskvaliteten var innanfor grenseverdiane, skriv RME i ei pressemelding.
Først etter at Statens vegvesen leigde inn konsulentar og gjorde eigne målingar som viste det same, erkjende Fagne at dei sjølv hadde målt brot på grenseverdiane, ifølgje RME.
Beklagar og tek saka på alvor
I merknadene sine til behandlinga av klaga, viste Fagne til at den første førespurnaden dei fekk om saka i 2022 gjekk over telefon, og at selskapet berre opplevde dette som ein førespurnad om «hjelp/bistand». Dei peika på at dei først fekk ei klage på spenningskvaliteten 21. mars 2024.
– Målinga frå oktober 2022 er etter Fagnes vurdering å rekna som ei ufullstendig måling som ikkje var meint som dokumentasjon, heiter det i vedtaket.
I kommentaren sin til førehandsvarselet om vedtaket, beklagar Fagne at saksbehandlinga deira har medført mangelfull informasjon og oppfølging av kunden.
– Fagne opplyser at dei tek avvika på største alvor og informerer om at det frå hausten 2024 har vorte jobba med store forbetringar av saksbehandlinga deira av klagesaker på leveringskvalitet, heiter det i vedtaket.
Selskapet viser til at dei har sett i gang fleire tiltak.
Fagne er eit nettselskap som leverer straum til om lag 150.000 innbyggjarar på Haugalandet, i Sunnhordland, indre Ryfylke og delar av Hardanger.