nyhende
Straumløysingane sat laust då partileiarane møttest i Arendal
Straumkrangelen i sommar rulla vidare under partileiardebatten torsdag. Det var nesten like mange løysingar på straumkrisa som deltakarar i debatten.
Støre viste til at det er krig i Europa, noko som har snudd opp ned på mykje. Seinare vart han spurt om kvifôr regjeringa ikkje vil innføre makspris på straum.
– Hadde makspris vore løysinga, hadde eg gått for det på dagen. Men eg trur det er feil, sa statsministeren.
Han viste mellom anna til at makspris vil bli dyrt og ramme sosialt urettferdig.
Moxnes: – Spinnvilt
Han vart angripen hardt av Raudt-leiar Bjørnar Moxnes, som ønskjer ein makspris på straum på 35 øre kilowattime ved at straumselskapa ikkje får lov til å ta seg meir betalt.
– Dette systemet har spelt fullstendig fallitt, sa Moxnes.
Han innleidde debatten med å påpeike at straum som kostar 12 øre å produsere per kilowattime, no blir seld for 500 øre.
– Det er spinnvilt, det er ikkje berekraftig, sa han.
Handopprekning
Debatten starta med at programleiar Fredrik Solvang bad dei som synest det var ein tabbe å leggje dei to siste eksportkablane for straum til Tyskland og England, om å rekkje opp handa.
Fungerande SV-leiar Kirsti Bergstø, Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og Frp-leiar Sylvi Listhaug rekte opp kvar handa si.
– Hadde vi visst det vi veit i dag, hadde vi aldri bygd desse kablane, sa Listhaug.
Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og KrF-leiar Olaug Bollestad tok ein slags mellomposisjon ved å vifte med hendene sine.
Vedum vart utfordra på kva han eigentleg meinte.
– Vi må ta meir nasjonal kontroll, derfor kan vi ikkje byggje fleire kablar no. Sjølvsagt ville eg ikkje stemt for dei kablane då, når eg veit kva vi veit i dag, sa han
Solberg: – Kompliserte samanhengar
Bollestad er opptekenav at ein må sikre at det er nok vatn i kraftmagasina. Ho tok også til orde for makspris.
– Vi ønskjer ein 50 øres makspris. Vi ønskjer ei føreseielegheit. Når vi snakkar om støtte over 50 øre, er det faktisk ei tilbakebetaling av noko av det vi har tent inn på prisane som er, sa ho.
Høgre-leiar Erna Solberg seier dei høge straumprisane har ei langt meir komplisert forklaring enn dei to utanlandskablane til Tyskland og Storbritannia.
– Ekspertane har rekna ut at dei to nye utanlandskablane er omtrent 10 prosent av forklaringa på dei høge straumprisane. Det er viktig å ikkje gjere kompliserte samanhengar til enkle slutningar, sa Solberg.
– Gjer folk fattigare
Statsminister Støre vart konfrontert av programleiar Fredrik Solvang med eit reknestykke om at ein vanleg familie vil bli møtt med ei straumrekning på 4000 kroner i månaden, sjølv med dagens straumstøtteordning.
– Dette gjer folk fattigare, sa Solvang.
– Ja, erkjende Støre.
Og heldt fram:
– Det blir dyrare straum. Men det du hoppar over, er jo at vi har ei europeisk energikrise. Vi har hatt to år med lite vatn i magasina, sa statsministeren.
– Putin herjar
Han påpeika at straummarknaden er regulerte, og avviste at det er marknaden som er skuld i problemet, noko SVs Kirsti Bergstø er usamd i.
– Det er marknadskreftene som herjar med folk, og som truar folk og bedrifter. Då må vi ta kontroll, sa ho.
Dette vart kontant avvist av Støre.
– Du kan ikkje seie at marknadskreftene herjar i Europa. Putin herjar i Europa, sa han.
– Blir regelrett ranet
Vedum og Frp-leiar Sylvi Listhaug barka også saman. Ho beskreiv regjeringa som handlingslamma i månadsvis, medan vanlege folk blir «regelrett rana».
– Eg tilrår deg å anten gjere jobben din eller finne ein annan. Noreg treng ei regjering som gjer jobben, small ho av til Vedum.
Vedum repliserte at Listhaug ikkje lyttar til fagfolk, som åtvarar mot makspris.
– Dette er ikkje tida for å eksperimentere, sa Vedum.
Han drog ein parallell til koronapandemien, då det var vesentleg å lytte til råd frå fagleg hald.
– Du er ein økonomisk vaksinemotstandar, repliserte han
(©NPK)