Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Stramt budsjett utan drastiske kutt
Rådmannen i Sveio har fordelt nær 498 millionar kroner til drift og 61 millionar kroner til investeringar neste år. Budsjettframlegget blei presentert for kommunestyret måndag kveld.
Trass i at det er eit stramt budsjett, og trass i at rådmannen under presentasjonen understreka behovet for innsparingar, er det ingen direkte framlegg om nedlegging av kommunale tilbod i det omfattande dokumentet.
Det brenn likevel eit blått lys for barnehagen på Valestrand. Etter ferien vil denne barnehagen berre ha seks born og ingen nye søknader frå hausten av. Rådmannen varslar ei eiga sak om framtida til barnehagen på Valestrand. Denne saka vil bli lagt fram fredag, fortel rådmann Jostein Førre. Styrarressursen ved Valestrand barnehage vil i alle høve bli overført til Førde barnehage frå hausten av.
Demografiske endringar
Alle driftsområda får reelle nedskjeringar i rammene sine om rådmannen får det som han vil. Under presentasjonen peika også Førre på konsekvensane av at talet på innbyggjarar i skulepliktig alder har gått ned frå over 800 i 2004 til under 600 i 2026.
Samstundes har talet på eldre over 80 år gått kraftig opp. Sjølv om kostnadene til skuledrift i Sveio ligg langt under gjennomsnittet både i landet og kommunar det er naturleg å samanlikna seg med, må difor denne denne sektoren bu seg på nedskjeringar i heile økomiplanperioden fram til 2029.
Rådmannen seier seg elles nøgd med at pleie og omsorg ser ut til å koma ut utan meirforbruk dette året. Han rosar dei tilsette for dette. Mykje vikarbruk i legetenesta har derimot ført til meirforbruk i denne sektoren.
Barnehage og brannstasjon
Ny barnehage med seks avdelingar i Sveio sentrum og ny brannstasjon i Førde er mellom dei store investeringsobjekta i Sveio dei komande åra. Til barnehagen er det sett av 10 millionar kroner neste år og 33,5 millionar i 2027. Førre har eit håp om at byggearbeidet kan koma i gang i slutten av 2026.
Til brannstasjonen i Førde er det sett av sju millionar i 2026 og 7,5 millionar i 2027. Dette kjem i tillegg til tidlegare løyvde midlar. Framdrifta når det gjeld brannstasjonen er avhengig av trasévaltet for ny firefelts E39 gjennom kommunen.
Rehabilitering sett på vent
Andre store investeringar i 2026 er nytt varmeanlegg i Vigdartun til 15,7 millionar. Rehabilitering av den eldste delen av kommunehuset ligg inne med 20 millionar i 2027. Dette prosjektet er sett på vent i påvente av planane for nytt helsehus i sentrum.
Til investeringar i sektoren vatn, avlaup og renovasjon (VAR) er det sett av 16 millionar i 2026. Dette inkluderer auka ramme for Forevatnet vassbehandlingsanlegg.
Av mindre summar kan det nemnast at det er sett av 2,5 millionar kroner til asfaltering av kommunale vegar i rådmannen sitt budsjettframlegg. Det er også sett av midlar til robotklipparar på gravplassane.
Totalt i økonomiplanperioden er det sett av 197 millionar kroner til investeringar.
Politisk behandling
Det var sparsamt med spørsmål og kommentarar frå politikarane etter rådmannen sin gjennomgang av budsjettframlegget. Formannskapet skal samlast komande måndag for å gå nærare gjennom framlegget.
Deretter får politikarane leggja fram sine eventuelle endringsframlegg på formannskapsmøtet 1. desember og kommunestyremøtet 15. desember.