– Basert på erfaringane med mange års nedgang i mengda laks som kjem til elvane for å gyte og årets rekordlåge innsig av stor laks i delar av landet, meiner vi det er behov for å leggje om til ein føre var-strategi for reguleringa av laksefisket, seier miljødirektør Ellen Hambro.
– Det betyr eit meir avgrensa fiske i starten av sesongen, og at det heller kan opnast for å fiske meir seinare dersom innsiget av laks viser seg å vere godt nok, seier ho.
Ber om plan
Elveeigarlag i områda der det har vore spesielt lite laks, vil bli bedne om å skissere ein plan for korleis fisket framover skal gå føre seg.
– For å få lov til å fiske laks tidleg i sesongen, må elveeigarlaga i elvar der det var spesielt lite laks i år leggje fram ein realistisk plan for korleis dei skal halde uttaket av laks på eit minimum inntil ein ser at det kjem nok laks opp i elvane, og fisket eventuelt kan aukast. Alternativet er å utsetje starten på fiskesesongen, seier Ellen Hambro.
Bekymra for lakseungane
Endringane vil også få konsekvensar for korleis sjølaksefiske må regulerast, seier Hambro. Dei siste åra har Miljødirektoratet sett stadig færre laks opp i norske elvar. Dette skaper bekymring for situasjonen framover.
– Vi er bekymra for om laksestammane klarer å produsere nok lakseungar til at det skal vere forsvarleg å fiske laks også i framtida, seier ho.
Lus og sjukdom
Foreininga Norske Lakseelver er bekymra for situasjonen. Dei peikar på oppdrettsnæringa som ein av truslane og årsakene til nedgangen til villaksbestanden.
– I år såg vi ein generell nedgang i villaksbestandane over store delar av landet. Det var ille der det ikkje er stor oppdrettspåverknad, men det var katastrofalt der det er stor oppdrettspåverknad, seier kommunikasjonsansvarleg Pål Mugaas i Norske Lakseelver.
Tre av dei fire største truslane mot villaksen blir ifølgje forskarane skapte av lakseoppdrett; lakselus, rømming og sjukdom, påpeikar Mugaas.
– Grunnen til dette er produksjonen av oppdrettslaks i opne merdar i dei norske fjordane. Dette er ein teknologi som må skiftast ut med det same og som vil gi omgåande effekt, seier han.
(©NPK)

sara.rose.zadig@npk.no
Bilete: 2DS_6cp8va8
Rekordlågt innsig av laks i ulike elvar rundt om i landet har skapt bekymring. No strammar Miljødirektoratet inn laksefisket. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK