nyhende
Strammar inn for naudpass
I Sør-Vest politidistrikt blir det neste år berre råd å få naudpass ved Politiets Forvaltningsenter i Haugesund og på Stavanger lufthavn politistasjon.
Innstramminga skuldast internasjonale sikkerheitskrav, opplyser politiet, som ber folk sjekka passet for utløpsdato i god tid før neste utanlandsreise.
Det blir med andre slutt på tilbod om å få naudpass både på Stord, på Karmøy og i Ølen. Du vil framleis kunne bestille time for å vå ordinære pass og id-kort på desse stadene.
– Arbeidet med å innfri internasjonale tryggleikskrav til utskriving av pass er bakgrunnen for beslutninga. Det handlar først og fremst om å behalde status for dei norske passa, slik at me kan reisa visumfritt til dei fleste land. I tillegg til å sikra at pass og identitet ikkje blir misbrukt, seier lokal innføringsansvarleg for nye pass og ID-kort i Sør-Vest politidistrikt, Kjetil Optun.
Strenge regler for å få mellombels pass
Sør-Vest politidistrikt skriv ut fleire tusen naudpass i eit normalår. I samband med pandemien har naturleg nok dette behovet blitt redusert, i takt med lågare reiseaktivitet. Men, det er grunn til å tru at mange innbyggjarar vil søka om naudpass etter kvart som fleire skal ut og reisa.
– Bestill time før det blir kø
– Me veit at etterslepet på ordinære pass er stort, og me har erfaring med at det er ein del som er for seint ute til å sjekka utløpsdato på passet sitt. Det er difor ein viss fare for at ein ikkje får pass i tide til reisa. Med dei nye innskrenkingane vil det ikkje bli like lett å få naudpass heller, understrekar Kjetil Optun, som har ei klar oppfordring til framtidige reisande.
– Sjekk utløpsdato på eige og borna sine pass i dag. Det er ikkje høgsesong på passkontora om vinteren, og det er difor smart å bestilla time før det blir kø på våren.