Onsdag vart det kjent at Vedum (Sp) tek til orde for ein global grunnrenteskatt på persondata. Han vil denne veka fremje initiativet i eit foredrag for G20-landa i Brasil.
SV vil ikkje venta
Tanken er at teknologiselskap skal skatte av fordelen ved å ha tilgang på personopplysningane til forbrukarane.
Til Klassekampen gir SV si støtte til Vedums forslag, men dei ser ingen grunn til å vente.
– Noreg har alle høve til å skatte Google og Meta. Vedums initiativ er bra, men vi treng ikkje vente på trege internasjonale prosessar, seier Kari Elisabeth Kaski, finanspolitisk talsperson i SV.
Ho seier SV allereie har programfesta ein variant av dette.
KrF einig
Nestleiar i KrF Kjell Ingolf Ropstad seier han støttar initiativet til ein global grunnrenteskatt på persondata – og at han er glad for at Noreg tek ein tydeleg posisjon for sterkare reguleringar.