nyhende
Støttar ikkje synspunkta til FAU ved Auklandshamn og Valestrand
Med bakgrunn i ein advokat sine vurderingar, meiner FAU ved Auklandshamn og Valestrand at saksførebuinga til skulebruksplanen ikkje er forsvarleg. Rådmannen deler ikkje desse synspunkta.
Vestavind har spurt rådmann Jostein Førre om han har ein kommentar til utspelet frå FAU ved dei to skulane. Han fortel at rapporten frå Telemarksforsking har vore tema for ei omfattande høyring der alle relevante instansar, slik som rådsorgana ved dei fem skulane i kommunen, har valt å la seg høyra.
Betre tilbod over tid
– Då rapporten blei lagt ut på høyring i byrjinga av desember 2020, var rådmannen og tydeleg på at han ønskte å venta med å trekkja konklusjonen til etter at høyringsrunden var avslutta 1. februar, skriv Førre til Vestavind.
I innstillinga konkluderte rådmannen med å tilrå hovudalternativ 3 i Telemarksforsking sin rapport. Bakgrunnen for dette er at rådmannen meiner at ein sams fulldelt barneskule i Førde over tid vil gje det beste tilbodet til barneskuleelevane som bur i den nordre delen av kommunen.
– Omsynet til borna sitt beste har vore styrande for heile sakshandsaminga til rådmannen. Grunnskulen er eit av dei aller viktigaste tenesteområda til norske kommunar, og ein god skule med både trygt læringsmiljø og høg fagleg kvalitet er difor det beste bidraget kommunen kan gje til borna sin oppvekst, skriv Førre.
Negativt med skuleskyssen
Rådmannen er likevel tydeleg på at det er eitt spørsmål som slår negativt ut i vurderinga. Det er ikkje positivt at fleire elevar vil ha trong for skuleskyss og at skyssen kan bli lang for nokre av dei. Likevel meiner rådmannen i ei samla vurdering at ein samanslegen fulldelt barneskule i Førde vil vera det mest framtidsretta og robuste alternativet.
Ellers meiner rådmannen at sakshandsaminga er gjennomført etter beste skjønn.
– Alle dei 34 innkomne høyringsfråsegnene er grundig kommenterte. Rådmannen har vore tydeleg med omsyn til både spørsmål der me kan henta dokumentasjon frå forskingsfeltet og område der me må erkjenna at det ikkje finst empiri som kan hjelpa oss til å trekkja sikre konklusjonar. Saka ligg no på dei folkevalde sitt bord, og rådmannen vil sjølvsagt lojalt setja i verk det som måtte vera kommunestyret si avgjerd, også om kommunestyret kjem til ein annan konklusjon enn rådmannen, skriv Førre.