nyhende

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) er stornøgd med Stortingets nye vedtak om alkoholsal i fjernbetente butikkar.

Stortinget seier ja til framleis alkoholsal i fjernbetente butikkar

Med eit stort fleirtal vedtok Stortinget at fjernbetente butikkar skal få halde fram med å selje alkohol. – Ein gledesdag for sunn fornuft, seier Senterpartiet.

Publisert Sist oppdatert

– Det strir mot sunn fornuft at folk ikkje skal få kjøpt øl i nærbutikken sin fordi han er fjernbetjent. Vi kan ikkje ha lover og reglar som ikkje gir meining, og sjølvbetente butikkar har komme for å bli, seier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) i ei pressemelding i etterkant av vedtaket.

Allereie i november i fjor vart det klart at stortingsfleirtalet står saman bak forslaget. Bakteppet var ein diskusjon om desse butikkane framleis kan selje alkohol. Helsedirektoratet vurderte at det ikkje er lov med alkoholsal utan fysisk betening, og det skapte uro i bransjen.

Frå før har rundt 100 fjernbetente butikkar fått godkjenning, skreiv NRK måndag. Lovendringa vil opne for at det no vil gjelde alle fjernbetente butikkar i Noreg.

Då forslaget om å be regjeringa sørgje for at kommunar kan tillate sal av alkohol og tobakk i desse butikkane kom opp til behandling tysdag, vart det vedteke med stort fleirtal. 92 representantar stemde for og berre ti imot, fem frå KrF og fem frå Raudt.

Powered by Labrador CMS