nyhende

Det er stort engasjement for mindre skjerm for dei yngste elevane. – Lærarane skal framleis kunne bruke digitale verktøy når det styrkjer læringa. Men eg meiner det er få gode argument for å bruke digitale verktøy i undervisninga med barn som er 5–6 år gamle, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Det er stort engasjement for mindre skjerm for dei yngste elevane. – Lærarane skal framleis kunne bruke digitale verktøy når det styrkjer læringa. Men eg meiner det er få gode argument for å bruke digitale verktøy i undervisninga med barn som er 5–6 år gamle, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Stort ja til skjermkutt for elevane i småskulen

Lærarar, foreldre, skular, kommunar og organisasjonar: Ni av ti seier ja i ei høyring om at bruken av skjerm skal vere særskilt varsam i undervisninga av dei yngste i skulen.

Publisert Sist oppdatert

Forslaget gjeld undervisninga på småskulen, frå første til fjerde trinn. No har 1700 har svart på høyringa som gjekk ut i slutten av august.

– Engasjementet rundt høyringa viser at vi er på rett veg. Det gler meg at både lærarar, skular og foreldre er samde i at skjermbruken skal vere varsam dei første åra på skulen. No skal Utdanningsdirektoratet gå gjennom alle innspela og komme tilbake med eit forslag til endeleg justering, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

I høyringa er det foreslått at ein skal leggje til ein tekst i læreplanverket, om at digitale einingar skal brukast «særskilt varsamt» og ikkje dominere undervisninga for elevar på 1.–4. trinn. Dette blir også uttrykt eksplisitt i teksten som handlar om digitale ferdigheiter, for å gjere tydeleg dette.

Dele skjerm

Bakgrunnen er undersøkinga skule-Noreg som vart gjort hausten 2024. Her svarer 15 prosent av skuleleiarane at det i halvparten av timane berre blir brukt skjerm. 6 prosent av skuleleiarane svarer at det i fleirtalet av timane berre blir brukt skjerm.

– Dei aller fleste skuleleiarar og lærarar rapporterer om balansert bruk av digital teknologi i grunnskulen. Vi ser likevel at det kan vere behov for å gjere tydeleg at læreplanverket ikkje stiller krav om at kvar elev må ha si eiga personlege eining for å arbeide med faga på dei lågaste trinna og at digital teknologi skal brukast med aktsemd for dei yngste elevane, skriv Utdanningsdepartementet i høyringsbrevet.

Frå hausten 2026 kan det ha komme inn nye reglar om bruk av skjerm i småskulen i læreplanane.

Utdanningsdirektoratet går no gjennom alle høyringsinnspela. Eit forslag og tilråding går vidare til Utdanningsdepartementet tidleg i 2026. Det er venta at eventuelt nye reglar om bruk av skjerm for dei yngste elevane, kan vere klare allereie når skulen startar igjen hausten 2026.

Skeptiske

Sjølv om eit stort fleirtal er positive til forslaget, er lærarorganisasjonane skeptiske.

Utdanningsforbundets sentralstyre uttaler at dei er sterkt imot dei foreslåtte endringane. Dei understrekar mellom anna prinsippet om metodefridommen til læraren og det lokale handlingsrommet.

Men likevel er det fleire lokallag i Utdanningsforbundet som melder at dei støttar forslaget i høyringa. Her blir det i staden varsla om mangel på digital opplæring for lærarane og mangel på skulebøker.

– Må bli auka fokus på kompetanse blant lærarane, slik at opplæring ved hjelp av digitale hjelpemiddel blir rett og bra, seier lærarane i Oppdal som har sagt ja til forslaget, men dei ber likevel om at omgrepet «særskilt varsam» blir konkretisert.

– Barna våre må først og fremst få bli trygge på læraren sin, på medelevane sine og få ein aktiv skulekvardag, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Skolelederforbundet støttar heller ikkje forslaget. Dei meiner mellom anna at formuleringa «særskilt varsam» er for vag og kan gi opphav til ulik praksis og tolking. Skolenes landsforbund seier også nei, og reagerer på omgrepet «særskilt varsam» som dei meiner grip inn i autonomien til læraren.

– Lærarane skal framleis kunne bruke digitale verktøy når det styrkjer læringa. Men eg meiner det er få gode argument for å bruke digitale verktøy i undervisninga med barn som er 5-6 år gamle, seier kunnskapsministeren.

Ho understrekar at dei elevane som av ulike grunnar treng digitale læremiddel eller hjelpemiddel i undervisninga, sjølvsagt framleis skal få det, uavhengig av høyringa.

Powered by Labrador CMS