NPK-NTB: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier regjeringa vil prioritere vedlikehald og drift i statsbudsjettet. Tre vegprosjekt er i faresona.
Ei rekkje samferdselsprosjekt vil bli skove på, stadfestar han overfor Aftenposten.
– Vi ønskjer å gjere det vi kan for å halde rentene nede. Samferdselsbudsjettet er eit budsjett der det går an å både bremse og gasse. Og no må vi bremse, seier statsråden.
Nygård held kutta tett til brystet, men avklarer at påbyrja prosjekt ikkje vil bli utsette eller kutta i. Det inkluderer den omstridde utbygginga av E18 vestover.
Særleg tre vegprosjekt kan stå i fare for å bli flytta på. Ei liste Vegvesenet har laga, er ifølgje avisa sentral for å sjå kva prosjekt som kan utsetjast. Det gjeld E134 Oslofjordsambandet, E134 Røldal – Seljestad i Vestland, E6 Megården – Mørsvikbotn i Nordland og E16 Hylland – Slæen i Vestland.
– Ja, det kan vere at dei blir utsette, men eg vil ikkje gå inn på kva for nokre konkrete prosjekt det gjeld, seier Nygård.