nyhende

Ferja ved kai. ARKIVFOTO
Ferja ved kai. ARKIVFOTO

Storstreik frå måndag morgon

Frå i morgon må dei som brukar Langevåg–Buavåg-ferja finna andre løysingar. Over 23.000 fagorganiserte går ut i streik etter at det for første gong sidan krigen er streik i eit mellomoppgjer.

Publisert Sist oppdatert

Meklinga mellom NHO og LO i frontfagsoppgjeret har ikkje ført fram til løysing. Partane har vore i mekling hos Riksmeklaren sidan fredag klokka 10.00 for å bli samde om storleiken på lønnsoppgjeret. Fristen for å semjast var ved midnatt natt til søndag, men NHO, YS og LO heldt fram meklinga langt over fristen.

Lønnsoppgjeret er eit mellomoppgjer, som vil seia at det berre blir forhandla om lønn. Ikkje sidan krigen har det vore streik i eit mellomoppgjer, og det er den første LO-streiken på 23 år.

Ferja blir liggande ved kai

Medlemmer i Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffiserforbund er blant dei som går ut i streik frå klokka 06.00 måndag

Lokalt er det full stopp for Langevåg–Buavåg-ferja som vil merkast umiddelbart. Det same gjeld for sambandet Kvanndall–Utne.

Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes, ferje 1, og Ranavik–Skjersholmane, ferje 2, er også tekne ut i streik. Der køyrer høvesvis ferje 2 og ferje 1 som normalt.

Reduserte avgangar på riksvegferjene

11 av 16 riksvegferjesamband blir berørt av streiken. Det betyr at rute 4 og 5 på Sandvikvåg– Halhjem blir innstilt. Det same gjeld for rute D på Arsvågen–Mortavika. Det vil kunna medføra kø på desse sambanda.

— Me oppfordrar trafikantane til å oppsøka oppdatert ruteinformasjon på rederiene sine nettsider i samband med streiken, sier Dag Hole, avdelingsdirektør Ferje i Statens vegvesen.

Blir trappa opp fredag

Bussane går som normalt, men enkelte hurtigbåtruter blir ramma av streiken. Mellom andre Sunnhordlandsruta, rute 3. Rute 1 og 2 køyrer som normalt.

Ei heil rekke andre verksemder over heile landet blir ramma, som verft, bryggeri og hotell. Dei store daglegvarekjedane går ut og oppmodar til å unngå hamstring. Handlar folk som normalt, vil det vera nok varer til alle ei god stund framover.

Fredag kan streiken blir trappa opp. Då har LO varsla at dei vil ta ut ytterlegare 15.500 i streik.

Desse verksemdene er tatt ut i streik

Powered by Labrador CMS