nyhende

153 kilo adventsbelysning:

Storstjerna skein opp på 30-årsdagen til sambuaren

Ein solid konstruksjon på 153 kilo på toppen av Håvåsen på Liereid lyser opp i vintermørkret. – Det er godt å ha noko å tutla med mellom skogsarbeid og fjøsarbeid, seier småbrukar Robert B. Haga, som har hatt eit lite mannskap i sving denne hausten for å realisera prosjektet.

Publisert Sist oppdatert

Nokre kjøper seg ferdig pynt, andre lagar den sjølv. Robert Byrkjeland Haga på småbruket Viketre er ein av dei som har laga sin eigen pynt – ei adventsstjerne på 6×6 meter står på det lokale høgdepunktet.

Slik ser stjerna ut frå bakken.

Den femtakka stjerna viser godt igjen når mørket sig på. Den lyser ut over Førdespollen, og det ryktast at dei på Vestvik også ser stjerna. Fiskarar og andre fartøy som sig gjennom Bømlafjorden har fått seg eit nytt lyspunkt – eller lospunkt, om du vil.

Starta i haust

Ryktet om den adventspynten nådde redaksjonen i Vestavind ganske umiddelbart etter at stikkontakten gjekk i for ei vekes tid sidan, det er tydeleg at publikum set pris på tiltaket. Ideen tok form i haust.

– Me har snakka om å ha ei adventsstjerne på haugen på bak huset, for å lysa opp litt no, i koronatida, forklarar Haga, som med dette oppfyller regjeringa sitt ønskje om at folk skal pynta ekstra til jul i år med god margin.

På planleggingsfronten har han fått god bistand av svigerfar Odd Kåre Bråtveit.

Hjelp frå far og svigerfar

– Han er flink med penn og papir, så det var han som laga teikningar. Eg gjekk ut i vognskjulet for å sjå om eg kunne ha noko karosserirøyr. Der fann eg også nokre gamle svivelklammer. Far min, Helge Robert Haga har spisskompetanse på sveising med «2-pinns-apparat», så han har stått for sveisearbeidet, fortel Haga.

Pentagrammet blei først montert på bakken, før det blei reist og festa i fundamentet. Til høgre kan ein skimta garden.

Det har vore god aktivitet på Viketre for å få i hop alle delane. Almanakken gjekk over i desember, og då ein bestemt dato nærma seg, blei det seine kveldar i vognskjulet.

Del for del

Hesten som kom til gards på bursdagen til Haga tidlegare i år – forøvrig ei gåve frå svigerfaren på Bråtveit, er robust, men 153 kilo metall fann dei best å ta opp del for del, derfor er mesteparten er montert på staden.

Fundamentet er bora ein halvmeter ned i fjellet, slik at stjerna står støtt til og med når det er storm i kasta. Haga har også inkludert sonen til nokre venner i arbeidet på toppen.

Sponsar straum

– Til å bora diagonale forankringspunkt har eg fått god hjelp av Leon Bråtveit Økland på 8 år frå Førde.

Grannane på oppsida av vegen bidrar også.

– Me har nokre stødige naboar i Eriksen, sidan dei bur nærast toppen får stjerna straum frå dei, seier han. Det er litt uvisst kor høg Håvåsen er, men litt research seier at den er rundt 80 meter høg. Måndag 7. desember var alt klappa og klart, og lyslenka som er stripsa fast til metallrøyrane lyste opp, akkurat som planlagt.

– Eg tenkte det ville vore kjekt å fått lys på stjerna på sambuaren min sin 30-årsdag, og det klarte me, seier kreatøren nøgd. Den utkåra synest godt om stjerna som lyser opp frå Håvåsen.

– Det blei skikkeleg flott, det er det mange som har sagt, fortel jubilanten, Aina Staupe Bråtveit.

Tiltak ved torevêr

No ser paret stjerna frå kjøkenvindauga, og kan nyta synet til kavring og kokekaffi frå tidleg morgon. Og mange med dei, stjerna lyser ut mot Førdespollen, og det ryktast at dei på Vestvik også kan sjå stjerna.

– Me følgjer nøye med på vêrmeldinga, blir det torever må me opp å montera lynavleiar og gneistfangar, smiler den kreative 34-åringen.

Powered by Labrador CMS