nyhende

Størst interesse for motorsportsanlegg

– Spørsmålet om motorsportsanlegg er truleg det viktigaste for mange av dei som har møtt fram her i dag, sa Flemming Lothe under den politiske debatten som ungdomsrådet arrangerte i biblioteket torsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Lothe er ungdomskontakt i Sveio og tilsynsansvarleg ved Vigdartun, og fortel om eit stort miljø av motorinteressert ungdom som er opptekne av både mekking og kjøring.

– På førehand jobba eg aktivt for å få dei til å stilla opp her i kveld, fortel han.

Etter alt å døma lykkast han godt med det; flesteparten av dei nærare 40 frammøtte var unge. Men det var ein godt vaksen med politisk erfaring, Arne Valen, som frå salen utfordra panelet til å seia meininga si om motorsportsanlegg.

Hjartesak

– Dette er eit spørsmål etter mitt hjarte! kom det kjapt frå Jarle Jacobsen (KrF), som sjølv kjører motorsykkel og nyleg innleia valkampen med å ha fylkesordførar Jon Askeland (Sp) med seg på baksetet for visa fram vegstandarden i Sveio.

Dei fleste i panelet var positive til motorsportsanlegg, men understreka alle at det må gjennomførast ein god prosess for å finna fram til rett plassering og utforming.

– Me er enno i ein svært tidleg fase etter at Fjord Motorpark melde si interesse for Sveio gjennom eit innspel til kommuneplanen, sa ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Nokre uttrykte meir skepsis enn andre. Kjartan Moe Hustvedt (MDG) sa klart frå at partiet hans er imot av omsyn til naturen. MDG er derimot positiv til etablering av ein mekkehall.

– Me seier nei til motorpark nær busetnad, men ja dersom anlegget kan plasserast i eit steinbrot eller andre skjerma  område, sa Asle Georg Halleraker (Tverrpolitisk Fellesliste).

Olav Østebø Olsen (SV) var også svært skeptisk og sa at den negative prosessen om tilsvarande anlegg i Karmøy har vore skremmande.

Sikrare på kva dei skal stemma

– Eg er usikker på kva tilhøyrarane fekk ut av debatten, men trur kanskje ein del av dei er sikrare på kven dei skal stemma på etter denne kvelden, seier Flemming Lothe.

Det same seier tvillingbrørne Thomas og Kristian Haaversen, som leia debatten på vegne av ungdomsrådet. Generelt er dei nøgde med svara frå politikarane og veit for sin eigen del kva parti dei gjerne vil snakka meir med.

– Det er gjerne slik at eldre ungdommar er mest opptekne av vegar og samferdsel medan dei yngste bryr seg mest om fritidstilbod, seier Thomas og Kristian.

Positive til fritidskort

Fritidstilbod var eitt av fleire hovudtema i debatten. Alt i den innleiande runden, som starta med ordføraren, kom det fram stor interesse for å innføra fritidskort i Sveio. Dette fekk Ruth Vihovde Strand (V) til å stilla dette spørsmålet:

– Sidan Venstre ikkje har vore representert i kommunestyret dei siste fire åra, undrast eg over at det ikkje allereie er søkt om statlege midlar til fritidskort når det er så stor semje om dette?

Ho fekk svar frå mellom andre André Mundal Haukås (H).

– Me foreslo dette tidleg i perioden, men fekk til svar at administrasjonen ikkje hadde kapasitet til å utforma søknaden.

Basseng og badeanlegg

Utbygging av Vigdartun og bygging av basseng og badeanlegg var også tema.

– Me må nedskalera planane og først og fremst byggja for sveibuane, sa Rune Teikari (Frp) etter spørsmål frå salen om korleis kommunen vil tiltrekkja seg nok brukarar til badeanlegget.

Busetnad og utdanning var også tema. Sidan både vidaregåande utdanning og vegar er fylkeskommunen sitt ansvar, oppfordra fleire av politikarane dei unge til også å stemma ved fylkestingsvalet.

Powered by Labrador CMS