Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Størst av alt er Storen
I år er det 150 år sidan den første dokumenterte oppstiginga av fjellet Store Skagastølstind. Engelskmannen William Cecil Slingsby har fått ein heilt spesiell posisjon i Noreg som følgje av prestasjonen.
– Det er nok ein av dei største, om ikkje den største bragda i norsk fjellhistorie, fortel Arne Larsen til Nynorsk pressekontor.
Larsen er klatrar, journalist og forfattar, og har mellom anna gitt ut ei bok om Storen, som det 2.403 meter høge fjellet inst i Sogn populært blir kalla. Han meiner meritten til Slingsby er heilt spesiell.
Sommardag med isføre
Store Skagastølstind er det tredje høgaste fjellet i Noreg. I motsetning til dei to høgaste, Galdhøpiggen og Glittertind, er ein nøydd til å klatre for å nå toppen – og det er slett ikkje enkelt.
Slingsby nådde toppen av Storen 21. juli 1876 – etter at han nokre år i førevegen hadde sett seg som mål å klatre opp til det høgste punktet av det berykta fjellet. I 1874 gjorde han eit forsøk, men lukkast ikkje. I 1876 var han på nytt klar for å prøve. Han gjekk saman med fjellføreran Knut Lykken frå Valdres og fjellmannen Emanuel Mohn frå Bergen. På få dagar gjennomførte dei tre så mange som fem første-oppstigingar.
Den første var Torfinnstind, ovanfor Torfinnsbu ved Bygdin. Dei heldt så fram med Galdeberget, Urdanostind, Nordre Urdanostind og Gjertvasstind, før dei til slutt gav seg i kast med Storen. Gjertvasstind var etter seiande den viktigaste fjellet for Mohn, men for Slingsby var det berre Storen som gjaldt. Så blei han òg den einaste av dei tre som kom til topps:
– Vi kan rekne med at alle tre var slitne etter fleire dagar med fjellklatring. Og det var absolutt ikkje godvêr desse dagane. Truleg var det is og snø på Storen denne dagen. Slingsby hadde, i motsetning til Mohn og Lykken, spikerstøvlar, som gav han ein klar fordel med mykje betre fotfeste enn dei to andre. Det er nok ein av grunnane til at dei to ikkje vart med Slingsby heilt til topps, og heller blei ståande att i skaret like nedanfor toppen, seier Larsen.
Bragda gav Slingsby ein heilt spesiell plass i norsk fjellhistorie.
– Han blir kalla den norske tindesportens far. Han blei òg seinare utpeikt til æresmedlem av både Norsk Tindeklub og Den Norske Turistforeining.
Nordens Matterhorn
Også no i 2026 reknar mange fjellklatrar det som heilt spesielt å klatre på Store Skagastølstind.
– Det har absolutt framleis høg status å nå toppen av Storen. Eg held fleire klatrekurs kvart år, og mange av dei som deltek ønskjer å klatre på Storen, fortel Larsen.
Det er heller ikkje berre klatringa som er ei utfordring.
– Det er ein lang tur med mange høgdemeter og komplisert vegstilling. Det er ikkje piler som viser kvar du skal gå, og mange rotar ein del, fortel Larsen.
Dessutan har Storen klare likskapsteikn med ein av dei mest kjende fjelltoppane lenger sør i Europa.
– Han blir òg kalla Nordens Matterhorn.
Er det eigentleg 200-årsjubileum?
Sjølv om William Cecil Slingsby på papiret var den første til å nå toppen – er det slett ikkje usannsynleg at det hadde vore folk der også før 1876. Arne Larsen har sjølv spekulert i om geologen Amund Lammers (1804–1871) frå Buskerud stod på Storen allereie i 1827.
– Eg har vore oppe på med metalldetektor for å prøve å leite etter nokre myntar som han etter seiande skal ha lagt frå seg der, men eg har ikkje funne noko. Det er vel likevel ikkje bevis, for det er mange sprekkar og holrom der oppe, seier Larsen.
Trass i at det aldri blei bevist at Lammers var på toppen, kan ein heller ikkje utelukke det.
– Eg vil seie at det er 99 prosent sikkert at Slingsby var den første, men det er ein ørliten sjanse for at Amund Lammers var der først. Men han var i tillegg til geolog og borgarmeister i Kongsberg, direktør ved sølverket og medlem av forløparen til Videnskapsselskapet – eg syns det er merkeleg om han skulle ha halde det hemmeleg at han hadde vore der, seier Arne Larsen.