nyhende
Større fokus på sunt kosthald på Ekrene
Espira Solkroken får skryt for å retta fokus mot kosthald og haldningar til mat.
Mat må ein ha, og det er ikkje tilfeldig kva som blir servert i barnehagen på Ekrene. Her sit også barn og vaksne saman rundt mindre bord og kosar seg med lunsjen.
– Stemninga er hyggeleg og mykje rolegare enn mange kanskje ser føre seg at det kan vera i ein barnehage. Lunsjen er eitt av tre daglege måltid som barna får i barnehagen, forklarar barnehagestyrar Ruth Vihovde.
Går mot straumen
Sidan meir enn ni av ti norske ett- til femåringar held til størsteparten av veka i barnehagen, er dette ein stad som er heilt sentralt i korleis dei utviklar gode matvanar.
Men for tre år sidan skreiv Forbrukerrådet og Kost- og ernæringsforbundet i ein studie at tilgangen til norske barnehagebarn til sunn og god mat hadde blitt dårlegare over tid, skriv SunnereBarn i ei pressemelding.
– Omtrent ein fjerdedel av foreldra i studien meinte at barnehagane ikkje tilbaud barna eit godt utval sunn mat. Difor er Espira si satsing på kosthald og dei gode resultata ekstra viktig og oppløftande, meiner Vihovde.
Måltidssjekk
Kvart år evalurerer SunnereBarn korleis «deira» barnehagar jobbar med mat og måltid i ein måltidssjekk, og det er her den lokale barnehagen får skryt. Det vil mellom anna seia at fleire grønsaker, fullkornprodukt, fisk og pålegg med nøkkelholsmerket no er ein større del av den daglege kosten til ungane i Solkroken.
Gjennom måltidssjekken får barnehagen mellom anna evaluert eigne framsteg for betre og sunnare kosthald. Tilsette får også i større grad opplæring i mat og sunt kosthald.
SunnereBarn arbeider for å auka kunnskap og tilbyr opplæringsmateriell for å betra arbeidet til barnehagar med mat og måltid i samsvar med rammeplanen for barnehagar. Dei har også samarbeid fleire aktørar, mellom anna utvalte leverandørar av mat.
På landsbasis er 246 barnehagar abonnentar på SunnereBarn, ifølgje nettstaden deira. Lokalt i Sveio er det berre Espira Solkroken som er med.