nyhende
Storfint besøk under innsetjinga av ny pastor
Søndag 6. april gjer Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn seg klare til å offisielt innsetje Robert Bauge som ny pastor. Under innsetjinga får Pinsekyrkja besøk av ein kjend skikkelse innanfor pinsebevegelsen.
Det er nemleg Øystein Gjerme som tek turen frå Bergen til Auklandshamn.
Gjerme har i ein 20-årsperiode leia oppbygginga av kyrkjelyden «Salt». Salt er eit nettverk av kyrkjelydar innanfor Pinserørsla. Gjerme har dei siste åra kombinert stillinga som hovudpastor for nettverket med oppgåver som øvste leiar i heile pinsebevegelsen, skriv pinsemenigheita i Auklandshamn sjølv i ei eiga pressemelding.
Gudstenesta der Robert Bauge vil bli innsett som ny pastor og leiar, vil òg innehalde ei forbøn for det nyvalde leiarteamet i Filadelfia. Det vil òg bli spelt musikk frå kyrkjelyden sine eigne songarar og musikarar.