nyhende

Storfamilien som blir enda større i jula

Storfamilien med to foreldre og ni barn arrangerer fleire juleverkstader i adventstida og opnar opp for mange gjester i julehøgtida.

Publisert Sist oppdatert

Ein kveld tidleg i desember er heile familien samla til juleverkstad. Det luktar nysteikte peparkaker straks ein stig inn døra. I entreen kjempar ytterjakker om plassen på veggen medan sko i alle storleikar dekkjer mesteparten av golvet. Før ein kjem inn i stova, møter me ein kommode der toppen er fullpakka med adventskalendrar. Her er eit variert utval – sjokolade-kalendrar, fotballkort-kalendrar og skrapelodd-kalendrar – minst to kalendrar til kvar.

Familien er samla rundt langbordet på kjøkenet, som er velutrusta for ein kreativ og produktiv juleverkstad. Far i huset, John Haktor Bua (43), står ved kjøkenbenken og blandar melis og vatn. Dei mange ivrige kunsthandverkarane rundt bordet treng passande materiale til pynting av peparkakehjarte og til samanføying av ymse kakebyggverk.

Fleire gonger i førjulstida skipar storfamilien til eigen juleverkstad.

Mor, Karianne Haugen Bua (43), tar nysteikte peparkaker i mange ulike fasongar ut av steikeomnen. Innimellom hjelper ho til der det trengst. Daniel (9) treng hjelp til å setja saman eit perleband han nett har laga. Yngstebarnet Noah (2) får rettleiing når seigmenn og -kvinner skal fordelast passeleg som pynt på julebaksten. Samstundes legg mor nye figurar av deig på neste steikebrett.

Men søskenflokken rundt bordet er òg flinke til å hjelpa kvarandre – med penslar og fargar, klipping og liming.

Har det kjekt i lag

Julie (14) teiknar med blyant etter eit landskapsmåleri ho har funne på nettet via mobiltelefonen. Ifølgje mor Karianne er Julie kunstnaren i familien. Frå rommet sitt hentar ho fram små landskapsbilete ho har måla med akrylfargar.

Med jamn og tolmodig innsats i juleverkstaden blir det òg tid til mindre avbrekk, mellom anna til leik med kattane som høyrer til i huslyden. To særs ungdommelege og to meir avslappa vaksne kattar held til i stova. Dei har til og med fått sitt eige klatre- og kattehotell tett ved juleverkstaden. Dei tre hundane i familien held seg derimot utandørs.

Steiking av peparkaker er ein viktig del av juleverkstaden.

– Er heile førjulstida i heimen like harmonisk og avslappa som denne juleverkstaden?

Mor Karianne svarar:
– Me prøver å kosa oss og ha det kjekt i lag. Fleire gonger i løpet av adventstida har me liknande juleverkstader, der barna kan få laga småting til besteforeldre og til andre slektningar. Men Karianne legg og til at det krevst ein del ekstra innsats før jul.

– Av og til kan det kjennast som eit ork, men den ekstra innsatsen må til dersom jula skal bli så vellukka og fin som alle ønskjer.

Alle gir gåver til alle

Karianne rosar barneflokken:
– Dei er flinke til å hjelpa til, ikkje berre i førjulstida, men gjennom heile året. Me deler på å laga middag, og dei eldste barna trør til. Heimelaga pizza er ein slagar.

– Det går raskare og smakar mykje betre når me  laga ein stor pizza frå botnen av enn når me  varmar opp den eine vesle Grandiosaen etter den andre, seier Karoline (18).

Juletreet blei pynta ferdig første søndag i advent. I år blei det tre av ekte plast.

Veronica kjevlar ut peparkakedeigen til vidare bruk under juleverkstaden.

– Me saknar lukta av ekte grantre, seier Julie (14).

– Då måtte me ha støvsuga rundt treet fleire gonger dagleg, svarar Martine (16).

Juletreet er ikkje større enn at, ifølgje sikre kjelder, haugen med julepakkar vil nå midtvegs opp på stamma. Det seier kanskje mest om kor mange gåver som hopar seg opp i ein storfamilie.

Alle gir gåver til kvarandre. Innkjøpa skjer både individuelt og ved at heile familien dreg samla til eit kjøpesenter og spreier seg.

Utvida storfamilie i jula

Menyen for sjølve julekvelden er det ingen i familien som vil ta opp til diskusjon. Samrøystes går dei for pinnekjøt, med poteter og kålrabistappe attåt. Men litt pølser må også til.

På julekvelden må spisbordet gjerast endå litt lengre. Då samlast 14 personar til middag. I tillegg til dei ni borna og deira to foreldre, bur far til Karianne saman med storfamilien for tida. Det har han gjort sidan mor til Karianne døydde tidlegare i år.

Daniel (9) søkjer litt bistand hos mor under juleverkstaden.

Men gjestfridomen stoppar ikkje der. Ei venninne av Karianne og dottera hennar skal òg feira jul saman med den utvida storfamilien.

– Det går heilt fint, ikkje noko stress med to ekstra gjester, seier Karianne.

Familien Haugen/Bua bur på eit tun der to besteforeldre held til i nabohuset, medan onkel, tante og søskenbarn bur i eit anna hus like ved. Første juledag samlast i alt 23 personar til middag hos farmor og farfar. Andre juledag blir det middag for alle dei 23 heime hos Haugen/Bua.

Ingen plan

– Var det planen frå starten av, då du og John stifta familie at de skulle ha mange barn?

– Det hadde me ikkje sett føre oss då me gifta oss i 2007. Det berre blei slik, noko me aldri har angra på, seier Karianne. Men ho  legg til at kvardagen har sine utfordringar.

John Haktor lagar melisglasur til peparkakene.

– Om morgonen kan det bli litt kaos. Då gjeld det å planleggja godt kvelden før; leggja fram klede og gjera klar nistepakkar.

Martin (13) og Julie (14) går begge på Danielsen ungdomsskule på Norheim, medan Martine (16) går i første klasse på Norheim vidaregåande. Desse tre tilhøyrer første pulje som må ut tidleg om morgonen. Alle tre sit på med far John Haktor. Han jobbar som rekneskapsførar hos Hagland Finans i Haugesund.

Mange sjåførtimar

Det blir mange sjåførtimar på far i familien.

– Iblant har eg ei kjensle av at han bur i bilen, seier Karianne.

Dersom dei tre borna, som går på skule på Norheim, vil delta i aktivitetar på skulen eller i byen etter skuletid, kan John Haktor jobba  medan han ventar. Fleksitid i jobben er til stor hjelp for at kvardagen skal gå opp.

Jørgen (6) går i første klasse ved Auklandshamn skule.

Jørgen (6), som går i første klasse, Daniel (9) i fjerde og Theodor  (11) i sjette klasse reiser kvar morgon med drosje til Auklandshamn skule, medan Veronica (18) og Karoline (18) begge reiser til sjukeheimen i Sveio sentrum. Der tok dei til som lærlingar innan helsefag denne hausten.

Karoline fortel at ho alt har kjøpt sin eigen bil og står nå i kø for å ta sertifikat. Med lappen i boks kan Karoline vera med å løysa transportutfordringane i familien.

Far John Haktor (43) med familiens maskot, Noah (2), på skuldrene.

Yngstebarnet Noah (2) får ein rolegare start på dagen, før mor køyrer han til friluftsbarnehagen på Ekrene.

Familien har to bilar i dagleg bruk. Den største har ni seter. Køyredoningane får sjeldan kvila når borna skal til ysme fritidsaktivitetar. I speidar-gruppa i Bua, der John Haktor er leiar, har alle vore med. I tillegg spelar nokre fotball, andre har vore, eller er, innom korps, volleyball og drill.

Når alle skal på tur, trengst det to bilar. Men dette har aldri vore til hinder for ferieturar. Familien har reist til Sverige, Danmark, Tyskland og andre delar av Europa. Ein sommar blei det fottur på Hardangervidda.

– Aldri har me sete heime og kjeda oss i ferien, seier Karianne.

Stor eigeninnsats

– Mange uroar seg over økonomien til barnefamiliar i desse tider med relativt høg rente og stigande matvareprisar. Korleis taklar storfamilien dette?

– Me har ikkje høg gjeld. Det har me bevisst prøvd å unngå. Dei første åra budde me i Haugesund, men flytta etter eit par år hit til Buavåg, kor me overtok huset etter John Haktor si farmor. Dermed fekk me ein romsleg bustad for ein lågare pris enn i byen, seier Karianne.

– Me prøver å kosa oss og ha det kjekt i lag i førjulstida, seier mor, Karianne (43).

Ho legg til at huset er blitt påbygd og ombygd etter behov og med stor eigeninnsats. I dag har huset tre bad og dei fleste barna har eigne rom. Karianne understrekar at når dei gjer innkjøp ser dei etter gode tilbod.

I tillegg til John Haktor si faste inntekt peikar Karianne på barnetrygda, som har auka litt dei siste åra. I tillegg til alle oppgåvene med hus, heim og transport, driv Karianne sitt eige firma. Ho tilbyr privat heimehjelp til eldre og andre som treng det. I tillegg tar ho på seg ymse  reingjeringsjobbar.

Eit barn frå eller til

Åtte medlemmer av storfamilien er Karianne og John Haktor sine biologiske barn. Veronica (18) kom for alvor inn i familien som fosterbarn for vel tre år sidan.

Veronica var venninne av Karoline og hadde alt fleire gonger vore saman med storfamilien på ferieturar. Då Veronica trong ein ny fosterheim, meldte storfamilien seg på.

Karoline tar hand om ein av dei fem kattane som tilhøyrer storfamilien.

– Eit barn frå eller til, kva gjer vel det?, seier Karianne.

– Eg har det kjempekjekt i storfamilien og føler meg som ein del av flokken, seier Veronica. Ho legg til at nå har ho åtte søsken og kallar Karianne og John Haktor for mamma og pappa.

– Dessutan er Karoline og eg som tvillingar.

Veronica gler seg til jul saman med storfamilien, der dei startar tidleg på julaftan med frukost klokka åtte og sidan går det slag i slag med ymse felles måltid.

– Første juledag skjer alle måltid i nabohuset, hos dei som eg veldig tidleg kunne kalla for bestemor og bestefar.

Powered by Labrador CMS