– Dette angrepet er eit alvorleg brot på folkeretten og set uskuldige menneskeliv i fare. Russiske styresmakter har det fulle og heile ansvaret for å ha kast Europa inn i denne svært mørke situasjonen, seier Støre i ei skriftleg fråsegn til NTB.FOTO: NPK
Støre: Noreg fordømmer angrepet på det sterkaste
Russland sette i verk militære operasjonar mot Ukraina klokka 5 torsdag morgon. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier Noreg på det sterkaste fordømmer Russlands militære angrep på Ukraina.
NPK-NTB: – Dette angrepet er eit alvorleg brot på folkeretten og set uskuldige menneskeliv i fare. Russiske styresmakter har det fulle og heile ansvaret for å ha kasta Europa inn i denne svært mørke situasjonen. Russland må omgåande stanse dei militære handlingane sine og respektere Ukrainas suverenitet og territorielle integritet, seier Støre i ein skriftleg uttale til NTB torsdag morgon.
– Vi står saman med folket i Ukraina i denne forferdelege tida, seier han vidare.
Samtidig med at det i sosiale medium vart meld om eksplosjonar mange stader i Ukraina, melde Interfax at Russland sette i verk militære operasjonar mot Ukraina klokka 5 torsdag morgon.
Ukrainas utanriksminister skuldar Russland for å ha gått til full krig.
I New York stadfesta FN-ambassadør Vassilij Nebenzia at ein militæroperasjon er i gang. Han seier Russland er ute etter «juntaen» som styrer i Kyiv.
– Vi er ikkje er aggressive mot det ukrainske folket, men juntaen som har makta i Kyiv, sa FN-ambassadøren i eit møte i Tryggingsrådet onsdag kveld New York-tid.
Ambassadøren uttalte seg etter at president Vladimir Putin tidleg torsdag morgon kunngjorde at Russland ville innleie ein militæroperasjon mot Ukraina.
Det russiske forsvarsdepartementet seier at dei skyt mot militære mål med presisjonsvåpen.