nyhende
Støre: I dag vakna vi til krig i Europa
Noreg snakkar med fleire europeiske land om sanksjonar mot Russland etter Ukraina-invasjonen, men naboskapet med Russland må varetakast, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
– Noreg vil slutte seg til sanksjonane som no blir diskuterte med europeiske partnarar som ein reaksjon, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse om situasjonen.
Desse sanksjonane vil komme i tillegg til dei som kom tidlegare i veka. Regjeringa vil dessutan sende humanitær hjelp til sivilbefolkninga i Ukraina og aukar nødhjelpa med 200 millionar kroner.
– I dag vakna vi til krig i Europa. Vi har lenge frykta at Russland vil gå til eit massivt militært angrep på Ukraina. Det skjer no, sa Støre.
Han fekk spørsmål om korleis invasjonen påverkar forholdet mellom Noreg og Russland.
– Det får heilt klart konsekvensar. Men vi har fått anerkjenning både i Nato og andre stader for at vi må vareta naboforholdet med Russland på ein klok måte, sa Støre.
Han påpeikar at målet er å vareta det låge spenningsnivået i nordområda.
Støre seier likevel at dette neppe er tida for å utvikle det bilaterale samarbeidet med Russland, slik regjeringa formulerte ønske om i Hurdalsplattforma.
– Men dei heilt klare utfordringane ein møter med naboskap i nord, om havet, den felles fiskeribestanden og søk og redningsarbeid, det er det i norsk interesse å vareta på ein god måte, sa statsministeren.
Forsvarssjefen har sett i verk planlagde tiltak
– I tråd med Natos rutinar, som er godt innarbeidde, har forsvarssjefen sett i verk planlagde tiltak for å styrkje Forsvarets vaktsemd og beredskap. Dette er det gode planar for, sa Støre.
Han sa òg at Nato har sett i verk tiltak for å verne medlemsland.
– Det gjeld dei som treng alliert støtte for å vareta tryggleiken sin. Noreg deltek fortløpande i vurderinga av dette, sa Støre.
Han understreka at dette er utelukkande defensive tiltak.
Treng meir enn sympati
Ukrainas ambassadør i Noreg, Jatsiuk Viatsjeslav, bad torsdag om støtte til å styrkje det ukrainske forsvaret.
– Ukraina set pris på sympati og støtte, men vi treng meir enn det. Vi treng praktisk støtte, vi treng handfast støtte, sa Viatsjeslav på eit pressemøte i ambassaden.
Han bad Noreg endre lova om våpeneksport for å kunne sende militær støtte til Ukraina. I dag sel ikkje Noreg våpen til land som er i krig.
– Vi veit om dei eksisterande hindringane i det norske lovverket. Samtidig trur vi verkeleg at dette er ein avgjerande augneblink for oss alle, og vi må alle vise politisk vilje til å stå saman, og sjølv det mest nedfelte lovverket kan endrast. Er det vilje, er det mogleg å få det til. Vi treng denne støtta frå Noreg, sa han.
– Ser ut til å ville endre styresettet
På spørsmål om kva regjeringa reknar som Putins mål med invasjonen av Ukraina, sa Støre at han nødig vil gjere seg til ein fortolkar av dei indre tankane som den russiske presidenten har bak det han seier.
– Men det han har sagt i dag, peikar i retning av at han skal okkupere og endre styresettet i Ukraina. Der sit det ein vald president, og viss det er formålet, så teiknar det eit bilete av ein veldig omfattande militær operasjon for å nå det målet: Ein operasjon med veldig høg humanitær pris, sa Støre.
Nato-øving går som planlagt
Nato-vinterøvinga Cold Response i Noreg i mars og april blir ikkje påverka av situasjonen i Ukraina og vil gå som normalt, stadfestar Støre.
– Øvinga, som er rutinemessig, planlagd og annonsert med Russland invitert inn som observatørar, er viktig for at ein trenar saman i vinterforhold i norsk landskap. Øvinga er ikkje eit svar på det som skjer i Ukraina, det er rutine, seier Støre på spørsmål frå NTB.
Roa norske barn
NRKs Supernytt stilte statsministeren spørsmål på vegner av fleire barn som lurte på om også Noreg kunne bli ramma.
– Vi har venner vi står saman med, og det er ingen som truar dei. Noreg truar heller ingen, sa han retta til barna.
– Vi ønskjer å bidra til at det blir ei fredeleg løysing i Europa, understreka Støre.