nyhende
Støre: — Håpar vi er på veg mot ein meir normal kvardag
Statsminister Jonas Gahr Støre håpar koronaetappen vi er inne i no, fører til meir normal kvardag. Han antydar at koronasertifikat kan vere vegen dit for mange.
Han understrekar at vi framleis vil trenge koronarestriksjonar, men overfor Aftenposten har Støre uttalt at det kjem lettar på enkelte område.
– Pandemien er ikkje over, og vi må nok belage oss på å ha tiltak i samfunnet lenge. Men det er mange ting vi kan gjere for å treffe målretta. Ein av dei er at no vurderer rammene og regelverket for eit koronasertifikat, som kan vere med på å bidra til at du som vaksinert kan leve meir normalt, seier statsministeren til NTB.
– Tiltaka verkar
Han understrekar at januar uansett vil vere ein tøff månad på grunn av omikronvarianten, og seier tiltaka som vart innførte i desember var både nødvendige og verka.
– Då vi tok avgjerdene i midten av desember var det mange som meinte det var for lite kraftfullt. Men tiltaka verkar, og sjølv med rekordhøge smittetal har vi hatt kontroll på både smittespreiing og innleggingar, seier Støre.
Statsministeren fortel at tida gjennom helga og inn i neste veke skal brukast til ein full gjennomgang av restriksjonane. Til perioden etter 14. januar kjem det ei justering basert på den kunnskapen ein har tileigna seg. Til NTB vil han ikkje seie om det betyr lettar.
– Eg vil ikkje trekkje den eine eller den andre sida, fordi vi er avhengig av smittespreiinga og belastningane på helsevesenet, men vi ønskjer alltid å ha så lite tiltak som mogleg, men så mykje som nødvendig, så vi ser etter den balansen.
Nye variantar
Samtidig minner Støre om at omikron neppe er den siste nye varianten av korona.
– Vi har lært alfa, delta og omikron å kjenne hittil. Det greske alfabetet har langt fleire bokstavar. Så lenge viruset er ute i verda, og det er land der vaksinen nesten ikkje eksisterer, så må vi vere førebudde på det, seier han.
(©NPK)