nyhende
Store geografiske forskjellar i førekomst av hudkreft i Noreg
Agder ligg på toppen av lista over kva fylke som får påvist flest tilfelle av føflekkreft og annan hudkreft. Vestland ligg også høgt oppe, medan Troms og Finnmark ligg nedst.
I 2023 vart det registrert 2.967 nye tilfelle av føflekkreft og 3.059 tilfelle av hudkreft i Noreg i 2023, altså litt over 6.000 tilfelle til saman og på nivå med rekordåret 2022. Det viser den siste årsrapporten frå Kreftregisteret, FHI.
Store forskjellar
Ratane for talet på tilfelle per 100.000 innbyggjarar ligg no på 49,5 og 50,5 for Noreg. Ser ein på statistikken per fylke, er det heile 60 tilfelle av melanom og 70 tilfelle av hudkreft per 100.000 innbyggjarar i Agder.
I botnen av fylkeslistene ligg Troms og Finnmark, med ratar på 25 for kvar av dei to krefttypane.
– Det er lett å tenkje at det er dei plassane med mest sol, som også har flest hudkrefttilfelle. Men det kan jo også vere slik at plassar med mindre sol, som Vestland og Møre og Romsdal, er meir ute når det først er sol, eller kanskje dei reiser til Syden og blir solbrent der, seier generalsekretær i Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvold Ross i ein e-post til NTB.
Solkyst og Vestland
I tillegg til Agder trekkjer Vestfold, Telemark og Vestland opp snittet for kor mange personar blant 100.000 per år som får påvist melanom for første gong. Tala NTB har fått tilsendt av Kreftregisteret viser at også Viken og Oslo ligg litt over snittet.
På lista over talet på påviste tilfelle av hudkreft, ligg stort sett dei same fylka over snittet på 50,5.
Rogaland og Trøndelag skil seg litt ut ved at dei ligg høgt på ei liste og lågt på den andre:
Rogaland har 49 påviste tilfelle melanom per 100.000, men svært høg rate for talet på hudkrefttilfelle, med 67.
I Trøndelag er det omvendt, med 53 påviste tilfelle melanom per 100.000, men relativt låg rate for hudkreft, med 37.
– Det er vanskeleg å vite kvifor enkelte fylke ligg høgare enn andre, men det er jo mange som jobbar offshore i Rogaland. Dei kan oppdagast tidlegare gjennom helsesjekkar. Dei har ofte lengre periodar med fri der dei kanskje koser seg ute i sola eller reiser utanlands? seier Stenstadvold Ross.
Dramatisk auke
Dei siste tiåra har hudkreft auka kraftig i befolkningar med lys hudtype, og førekomsten i Noreg er blant dei høgaste i verda, ifølgje Kreftregisteret. Før 50-års alderen er førekomsten av føflekkreft høgast blant kvinner, etter 50-års alderen er det derimot omvendt.
Tala aukar i alle aldersgrupper, men det er flest eldre som får hudkreft. Medianalder for melanom er no 67 år, det vil seie at halvparten av alle som får diagnosen er over 67 år.
– Dei fem siste åra er det 27 prosent fleire som har fått melanom, og det er ein dramatisk auke. Det siste året ser vi auken berre hos menn, seier Stenstadvold Ross.
Generelt er det fleire menn enn kvinner som får hudkreft og føflekkreft.
– Tradisjonelt har menn vore mindre opptekne av solvern enn kvinner. Det er også fleire menn enn kvinner som døyr av hudkreft, truleg fordi menn er seinare enn kvinner til å oppsøkje lege med ei hudforandring, seier Stenstadvold Ross.
Ta solvern på alvor
Allereie til helga er det meldt temperaturar opp mot 20 grader, og ho minner om at folk må ta solvern på alvor.
– Det er aldri for seint å få gode solvanar. Det handlar om å gjere det mange eigentleg kjenner til, å avgrense tida vi er i dei sterke solstrålane, verne oss med klede og noko på hovudet, og å bruke solkrem, seier ho.