nyhende

Hubro er ein truga ugleart. Flyplassen har søkt om løyve til å felle arten dersom det blir fare for flytrafikken. Arkivfoto: Bjørn Sigurdsøn / NTB / NPK
Hubro er ein truga ugleart. Flyplassen har søkt om løyve til å felle arten dersom det blir fare for flytrafikken.

Stord lufthamn vil skyte 75 ulike fugleartar

Publisert Sist oppdatert
NPK: Stord lufthamn har søkt Miljødirektoratet om eit generelt fellingsløyve til alle fuglar som kan dukke opp på flyplassen og utgjere ein fare for flytrafikken.

Lufthamna vil ha fullmakt til å skyte 75 ulike fugleartar, hjort, hare og ekorn. Blant fugleartane som er lista opp, er mellom anna hubro, vipe og hønsehauk, som står på raudlista fordi dei er rekna som truga artar. Flyplassen har brukt ein fugleekspert for å kartleggje ulike artar i området.

– Alle Avinor sine flyplassar har fellingsløyve på ei liste av dyr. Det er jo slik at dersom det oppstår eit problem, om det kjem ein hjort inn på området, eller ein fugleflokk, så er det noko som skjer akutt. Det er ikkje noko som me veit om to veker på førehand, seier Finn Are Maraas, som er utrykkingsleiar ved Stord lufthamn, til avisa Sunnhordland.

Han legg til at å felle dyr er siste utveg etter at ein har forsøkt ulike skremselsmetodar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS