nyhende
Stord kommune vurderer stopp i busetjing av flyktningar
I Stord kommunes budsjettforslag for 2025 blir det lagt til grunn at kommunen ikkje skal busetje flyktningar. Grunnen er ein «anstrengt kommuneøkonomi.»
– Anstrengt kommuneøkonomi, bustadmangel og stort press på helsetenestene er dei viktigaste årsakene til at dette er nødvendig, heiter det i framlegget frå kommunedirektør Tommy Johansen, ifølgje avisa Sunnhordland.
Han seier til avisa at kommunen, som har teke imot over 250 flyktningar dei siste tre åra, er i ferd med å nå brestepunktet når det gjeld bustader og helsetenester.
– Drastisk forslag
– Det er ein totalpakke her som gjer at vi har gått til det mange vil kalle eit drastisk forslag, seier Johansen til NRKs Nyheitsmorgon fredag.
Ordførar Sigbjørn Framnes (Frp) trekkjer fram aukande bustadprisar i kommunen som ein faktor som har gjort forslaget aktuelt, og han etterlyser meir pengar frå regjeringa.
– Prisane går opp på ledige bustader. Det gjer at det blir dyrare for kommunen å busetje flyktningar, spesielt når vi ikkje blir fullkompenserte for utgiftene, seier Framnes til NRK.
Kritisk til forslaget
Leiar i Stord Arbeidarparti og tidlegare ordførar Gaute Straume Epland er kritisk til forslaget. Han meiner kommunen ikkje er i noka særstilling til å kunne setje ned foten for busetjing av flyktningar.
– For oss er dette eit verdispørsmål, og vi kjem ikkje til å støtte dette forslaget, seier Epland til Sunnhordland.