nyhende

Haugaland brann og redning iks lyngbrenning
Det er varsla stor skogbrannfare på Vestlandet. Bildet er frå ei kontrollert lyngbrenning ved Ryvarden.

Stor skogbrannfare: Innfører totalforbod mot eld frå tysdag

Skogbrannfaren er no stor i Vestland og Rogaland og ser ut til å bli større i dagane som kjem. Brann- og redningsvesen nord for Boknafjorden innfører difor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs frå og med tysdag 13. juni.

Publisert Sist oppdatert

Forbodet gjeld førebels fram til 30. juni 2023. Brann- og redningssjefane vil då ta ei ny vurdering om det er behov for å forlenge totalforbodet, skriv Haugaland brann og redning iks i ei pressemelding

Kommunane som er omfatta av totalforbodet:  Sveio, Sauda, Stord, Bømlo, Fitjar, Utsira, Karmøy, Bokn, Tysvær, Vindafjord, Haugesund, Etne og Suldal.

Kva betyr betyr totalforbod?

Ved eit totalforbod er det ikkje lov å gjera opp eld:

  • i og i nærleiken av utmark og innmark
  • på tilrettelagte grill- og bålplassar i eller i nærleiken av skog og utmark

Forbod i utmark og innmark

Under eit totalforbod er det ikkje tillate å brenna bål, bruka grill, stormkjøkken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kull, brikettar, gras, greiner ol.). Dette gjeld i skog og anna utmark eller så nær at eld lett kan spreia seg vidare i terrenget, samt innmarksområder.

  • Innmark er dyrka mark, engslått og kulturbeite
  • Utmark er det meste av skog, strand, fjell, eng, myr, vatn og andre typar landskap

Brannsjef Dag Botnen oppmodar alle til å følga totalforbodet.

— Slik det ser ut no går det mot St. Hans utan St. Hans-bål. Ting tyder også på at forbodet kan bli forlenga. Me har hatt møter med Meterologisk institutt, og vêrsituasjonen me har no minnar mykje som sommaren 2018. Då var det varmt og svært tørt over lang tid, seier Botnen.

Bål og grilling

Brannvesenet får mange førespurnader frå skular og barnehagar som ønsker å tenna bål eller bruka grill på tur. No når det er totalforbod, oppfordrar me til å finna andre løysningar for å kosa seg med mat ute, skriv Haugaland brann og redning.

Det blir presiserert at det framleis er lov å grilla i opparbeida hage, på skuleplassar og større asfalterte områder. Hugs at du alltid er ansvarleg når du tenner eld, uansett kvar du er og når på året det er.

Verksemder

Verksemder som driv med for eksempel skogsdrift, linjearbeid kraft og tele, kantklipping av vegnettet, sliping av jernbanelinjer og liknande blir bedne om å vurdera og etablere tiltak for å redusera risiko for brann.

Powered by Labrador CMS