nyhende

Åge Ingvaldsen
Åge Ingvaldsen

Stor ros til flink lærar

Åge Ingvaldsen er denne vekas «Hei, sveibu».

Publisert Sist oppdatert
– Kva gjer du til dagleg?
– Eg er medeigar i Haugaland Mesterbygg og arbeidar der.

Faktaboks

Namn: Åge André Ingvaldsen

Alder: 36 år

Bustad: Ekrene

– Kva er det beste med å være sveibu?
– Det beste med å bu på Ekrene er nærmiljøet. Du har fin natur rett utanfor døra di, gode naboar med god delekultur dersom me treng noko, for eksempel midt under baking. Og så er det passe langt borte frå byen til å finna ro for store og små.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, egentlig ikkje.

 – Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Kona mi er frå Haugesund og eg kjem frå Bømlo, så dette blei den perfekte plassen for oss å busetja oss. Her bygde me vårt første hus, frå grunnmuren og opp på eiga hand. Og her trivst me fortsatt godt med det valet etter ti år. Så mitt beste minne må vera å sjå at me tok eit rett val for det som skulle bli familien vår i framtida.

 – Kven i Sveio vil du framsnakka og kvifor ?
– Eg vil snakka godt om ei dame som er ein stor grunn for at me fortsatt bur her, og det er læraren til eldste guten vår.  Alice Enerstvedt heiter ho. Ho gjer det vesle ekstra som trengst for klassemiljøet og trivselen til barna, og ho gir opplevingar til barna som gjerne krev ein god del ekstra planlegging og organisering. Det slikt som verkeleg gjer at klassen får den beste skuledagen du kan tenkja deg.

Powered by Labrador CMS