nyhende

Store nedbørsmengder danna ein minisjø ved Bakker Bru i Frogn kommune i 2023. Nokon tok sjansen på å køyre over vegen likevel. Foto: Hans O. Torgersen / NTB / NPK
Store nedbørsmengder danna ein minisjø ved Bakker Bru i Frogn kommune i 2023. Nokon tok sjansen på å køyre over vegen likevel.

Stor klimarapport: Dobbel vasskrise med tørke og flaum – Noreg er ikkje førebudd

Kraftig regn, meir flaum og jordskred, langt mindre snø og meir tørke ventar oss i framtida. Men Noreg er ikkje tilpassa klimaendringane, åtvarar forskarane.

Publisert Sist oppdatert

Klimaendringane er allereie godt i gang i Noreg, og framover blir det berre meir ekstremvêr.

– I Noreg er vatn den største utfordringa, både for mykje og for lite vatn, seier leiar Anita Verpe Dyrrdal i Norsk klimaservicesenter til NTB.

Måndag la dei fram ein ny rapport som viser korleis stadig aukande temperatur endrar Noreg, og korleis klimaet kan sjå ut mot slutten av hundreåret.

Dette er tredje rapport i rekka. Dei førre kom i 2010 og 2015.

Vintersesongen kan bli borte mange stader

Rapporten anslår at nedbøren i snitt aukar 11 prosent på landsbasis fram mot slutten av hundreåret dersom utsleppa held fram med å auke.

– 11 prosent høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det svarer nesten til 50 billionar liter vatn, seier Verpe Dyrrdal.

Det er ekstremnedbøren som aukar mest.

– Det betyr fleire flaumar, meir overvatn i byar og tettbygde strøk, flaum frå havet fordi havnivået stig og fleire jord- og flaumskred, seier Verpe Dyrrdal.

Glissent skiføre i påska i år på Hovden i Bykle. Biletet er teke på rundt 1000 meter over havet, det var betre skiføre lengre opp i høgda. Men i framtida må ein dra lenger og lenger for å komme til bra skiføre fordi det blir mindre snø i Noreg, ifølgje forskarane.

Dei aller største endringane blir merka om vinteren. Vintersesongen i Noreg kjem til å sjå heilt annleis ut i framtida.

– Vi får mange færre snødagar. Vintersesongen kan bli heilt borte ein del stader, særleg langs kysten, seier Verpe Dyrrdal.

Nordland, Troms og Finnmark får dei største endringane. Vintertemperaturen er venta å auke med 4–5 grader dersom dei globale utsleppa av klimagassar held fram med å auke.

I Tromsø kan skisesongen, altså dagar med rundt 25 centimeter snø eller meir, bli drastisk kortare. I dag er det rundt 4,5 månader med skiføre, medan dette blir kutta ned til berre éin månad mot slutten av hundreåret dersom utsleppa aukar.

For seint

Tre scenario for framtidas klima i Noreg er beskrivne i rapporten – lågt, middels og høgt utsleppsscenario.

Høgt nivå føreset ein auke i utsleppa i verda fram mot 2100. Ved middels nivå blir utsleppa stabiliserte mot midten av hundreåret, for så å søkke. Konsekvensane er i hovudsak dei same for middels og høgt scenario, men meir forsterka i det høge, forklarer Verpe Dyrrdal.

Ved lågt utsleppsnivå blir den globale oppvarminga halden under 2 grader, i tråd med eit av måla i Parisavtalen. Dette scenarioet legg likevel til grunn ein kraftig reduksjon i utsleppa frå 2020 og åra framover.

Jernbanebrua Randklev bru over Gudbrandsdalslågen i Ringebu braut saman i kjølvatnet av uvêret Hans og flaumen i Lågen i 2023. Ekstremvêr blir det berre meir av framover, ifølgje klimaforskarar.

– Eg vil seie at det er ganske urealistisk. Då burde det ha skjedd store utsleppskutt allereie, seier forskaren.

I dag ligg vi mellom middels og høgt utsleppsnivå.

– Det blir anerkjent meir og meir at ein del av klimaendringane er det for seint å gjere noko med, seier Verpe Dyrrdal.

Fleire hetebølgjer

På sommaren er det venta fleire hetebølgjer, altså minst fem døgn på rad med 27 grader eller meir. Frå 1991 til 2020 har det i snitt vore mindre enn éi slik hending annakvart år. Ved eit høgt utsleppsscenario blir det fleire hetebølgjer i store delar av landet. Delar av Austlandet og dei inst fjordområda på Vestlandet blir særleg ramma. Her kan auken vere på over fire hetebølgjer i året.

Tørkeperiodane blir dessutan lengre om sommaren fordi fordampinga aukar.

– Sommarnedbøren kompenserer ikkje nok for dette, noko som kan ha konsekvensar for landbruket, seier Verpe Dyrrdal.

Særleg Sørlandet, sør på Austlandet og Troms og Finnmark blir ramma av tørken.

Briksdalsbreen, ein brearm av Jostedalsbreen, i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Isbreen er den største i Europa, men kjem til å minke med så mykje som 70 prosent viss utsleppa held fram med å auke. Biletet er frå 2017.

Blant dei mest oppsiktsvekkjande funna er kor mykje norske brear minkar. Mange brear vil forsvinne i løpet av dette hundreåret. Sjølv Jostedalsbreen, den største på det europeiske fastlandet, kjem til å minke mykje. Ved eit høgt utsleppsscenario minkar isvolumet med 70 prosent mot slutten av hundreåret. I middels utsleppsscenario blir isvolumet halvert.

– Det er kjempedrastiske endringar. For dei mindre breane er det allereie for seint. Dei har allereie nådd eit vippepunkt og kjem til å forsvinne i løpet av hundreåret, seier Verpe Dyrrdal.

– Er her allereie

Åtvaringane frå klimaforskarane var omtrent dei same i dei to førre rapportane. Men sidan då har klimaendringane vorte merkbart synlegare også i Noreg.

– Klimaendringane er her allereie og kjem til å halde fram fordi vi ikkje klarer å kutte utslepp. Vi har allereie hatt store endringar i Noreg dei siste ti åra, seier Verpe Dyrrdal.

I dei førre rapportane var det ei større tru på at utsleppa kom til å bli kutta, erkjenner forskaren. No blir det snakka meir om korleis vi må tilpasse oss klimaendringane.

– Jo lengre tid som går, jo større gap blir det mellom målet og det som mest sannsynleg skjer. Derfor blir tilpassing meir og meir viktig, seier ho.

Noreg har ein stor jobb å gjere. Vi er ikkje tilpassa framtidas klima, slår ho fast. Allereie skaper styrtregn flaum og overvatn på sommaren.

– Vi har ikkje laget nok plass til vatnet. Vi har bygd for tett og har for få grøntområde som kan ta unna vatnet. Spørsmålet er kor mykje vi skal akseptere av skadar når ekstremvêr og naturfare aukar. Det er mykje billigare å førebyggje enn å rydde opp etter ekstreme vêrhendingar.

Powered by Labrador CMS