nyhende

– Normalt sett er det ein mykje større andel ledige stillingar i arbeidsmarknaden i januar samanlikna med andre månadar, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav region Sunnhordland. Foto: Chris-Andre Elvik
– Normalt sett er det ein mykje større andel ledige stillingar i arbeidsmarknaden i januar samanlikna med andre månadar, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav region Sunnhordland.

Stor interesse for Fagveg-prosjektet

Torsdag 30. januar gjekk startskotet for nysatsinga Fagveg der Nav region Sunnhordland i samarbeid med Vestland fylkeskommune og næringslivet i heile Sunnhordland inviterte til informasjonsmøte på Stord.

Publisert Sist oppdatert

I kulturhuset fekk dei godt over 100 frammøtte arbeidssøkarane høyra frå dei ulike bedriftene, samt moglegheit til å snakka med dei på stand i foajeen, skriv Nav region Sunnhordland i ei pressemelding.

– Me er svært godt nøgd med at så mange tok turen for å høyra om prosjektet og frå bedriftene. Me vonar dette vil føra til at enda fleire får moglegheit til å ta ei utdanning, og at bedriftene får tak i fleire av fagfolka dei treng, seier regionleiar i Nav, Håvard Lægreid.

Meir fleksibel opplæring

Opplæringsløpet i Fagveg-prosjektet er eit trepartsamarbeid mellom Nav, bedrift og kandidat. Fylkeskommunen vil stå for noko av opplæringa, som hovudsakleg skjer i bedrift. I samarbeidet vil ein koma fram til kva løp som passar for kandidaten.

– Med eit fagbrev blir du attraktiv på arbeidsmarknaden, du vil få høgare løn og det er eit kvalitetsstempel på kva du kan. Fagarbeidarar er framtidas arbeidskraft i Noreg. No vil me finna din veg, seier Lægreid.

Litt fleire arbeidsledige i Sveio

Nav registrerte 1,2 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland i januar. Det tilsvarar 367 personar, noko som er ein nedgang på 43 heilt ledige samanlikna med januar 2024, men ein liten oppgang samanlikna med desember månad, der talet på heilt ledige personar var 314.

Tala for Sveio viser at det er 36 heilt ledige i januar, og det er åtte fleire enn i januar 2024. Det er sju fleire enn desember 2024, noksom gir ein liten auke frå 1,1 til 1,3  prosent heilt ledige i januar.

Høgaste talet sidan 2022

I januar registrerte Nav 693 utlyste stillingar i regionen, noko som er det høgaste talet på utlysingar sidan mars 2022.

I Sveio var det det utlyst 40 ledige stillingar i januar, 33 færre enn i samme månad i 2024.

– Normalt sett er det ein mykje større andel ledige stillingar i arbeidsmarknaden i januar samanlikna med andre månadar. Noko av dette skuldast at lærlingstillingar og at ein del sommarjobbar vert lyst ut allereie no. Me ser likevel at behovet for ytterlegare arbeidskraft er størst innan helse, pleie og omsorg (314), seier Lægreid.

Powered by Labrador CMS