nyhende

Anlaug Rygg Svensen, fungerande leiar i NAV region Sunnhordland.
Anlaug Rygg Svensen, fungerande leiar i NAV region Sunnhordland.

Stor etterspurnad etter arbeidskraft

I mai var arbeidsløysa i Sunnhordland til saman 2,2 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 104 heilt ledige personar i høve april månad.

– Det er gledeleg å sjå at nedgangen i arbeidsløysa held fram og at stadig fleire kjem i arbeid. Arbeidsløysa er no på eit meir normalt nivå, og like over det den var før koronapandemien. Me opplever at det er høg aktivitet og stor etterspurnad etter arbeidskraft i den lokale arbeidsmarknaden, seier Anlaug Rygg Svensen, fungerande leiar i NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.

Moglegheiter

I mai månad var det 309 ledige stillingar registrert hos NAV i Sunnhordland. Flest stillingar var det innan helse og omsorg (80), industri (38) og reiseliv og transport (28).

– Den høge stillingstilgangen syner at det er moglegheiter for dei som står utan jobb. Det gir også grunn til meir optimisme når me ser at reiseliv og transport planlegg for ei gjenopning og lyser ut ledige jobbar, seier Svensen.

Lågt i Sveio

I Sunnhordland er det i mai lågast arbeidsløyse i Kvinnherad (1,5%), Sveio (1,8%) og Bømlo (1,9%). Alle kommunane hadde nedgang i arbeidsløysa i høve førre månad utanom Tysnes.

Snittet for heile Sunnhordland er på 2,2 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (2,9%) og landet (3,3%).

Powered by Labrador CMS