nyhende
Stor dugnadsinnsats bak nyrydda tursti
– Her er det gjort ein fantastisk innsats. Eg må skryta av dei som har vore med i dugnadsgjengen, seier Arild Wiersen, leiar i Sveio Turlag.
Det handlar om Gamle kyrkjevegen, ein tursti på godt og vel fire kilometer frå Fjellstad til Søra Mølstre. Sidan i fjor vår har turlaget brukt over 20 dugnadsdagar for å rydda og tilretteleggja stien for turgåarar.
Seks-åtte eldsjeler har vore med kvar gong, og med fire-fem arbeidstimar kvar dag har Wiersen rett i at innsatsen har vore monaleg. Han nemner eit tital pesonar som har vore med heile eller delar av tida.
Sigfrid Olsen har vore leiar for dugnadsnemnda. Dei andre er Egil Lokna, Svein Mathias Lie, Elisabeth Hauge Bakke, Hans Enerstvedt, Torhild Matre, Ingvar Nymark, Torleif Djønne og Erling Vallestad i tillegg til turlagsleiaren sjølv.
Anne-Lise og Erling Vallestad har dessutan rydda sti rundt Forevatnet og dermed gjort det mogleg å koma inn på Gamle kyrkjevegen også frå Fv. 47 både ved innkjørsla til Krossleite og frå busstoppet ved Tveitvegen.
Nå er jobben for det meste gjort. Og etter kvart som arbeidet har gått framover, har dugnadsgjengen møtt på fleire og fleire turgåarar som har teke stien i bruk.
– Dei skryt svært og er nøgde med arbeidet vårt, fortel Wiersen.
Opning til hausten
Offisiell opning av stien blir det først 4. oktober, men turane både langs Gamle kyrkjevegen og rundt Forevatnet blir omtalt i Haugesund Turistforening sin nye turguide som vil vera klar om kort tid.
Elisabeth Hauge Bakke i Sveio Turlag har laga omtalen. Boka vil gjera fleire merksame på dette flotte turalternativet, trur både ho og Wiersen.
Wiersen tilrår turstart frå Sveio, der det er lettast å finna parkeringsplass. Turen går i lett kupert terreng med fine utsiktspunkt både austover og vestover. Undervegs er det også nokre særskilte attraksjonar, for eksempel ein sideveg til ein gammal gravhaug og Brørsteinane ved Istertveit.
Der har Sveio Lions Club saman med fylkeskommunen sett opp ei informasjonstavle. Den fortel om eit sjalusidrama som fekk ein svært tragisk utgang for svært lenge sidan. To brør, som kjempa om den same tenestejenta, blei begge drepne, og jenta skal til slutt ha drukna seg i Forevatnet.
Slitsamt, men sosialt
Frå gammalt av var kyrkjevegen ein sti som folket på Søra Mølstre brukte når dei skulle til gudsteneste i Sveio kyrkje. Då turlaget tok fatt på arbeidet i fjor vår, var stien svært overgrodd og hadde mange våte parti.
– Me starta med brakesaks og ryddesag, fortel Wiersen.
Deretter har dei bore inn plankar både frå Søra Mølstre i sør og Fjellstad i nord, og laga klopper over dei våtaste partia. Nokre stader har dei også laga grøfter for drenering.
Over plankane har dei lagt netting for å gjera stien mindre glatt. Det er også sett opp gjerdeklyvarar for å koma inn på stien, og kvilebenker under vegs. På eit utsiktspunkt ved Uradalsvatnet har dei plassert eit rastebord som Egil Lokna har laga.
Og så er det sett opp ei rekke namneskilt. Offisielle, grøne turskilt i begge endar av løypa og ved Istertveit, og kvite treskilt med mørk skrift laga av Erling Vallestad.
– Det har vore mykje tungt arbeid, men også svært sosialt, fortel både Elisabeth Hauge Bakke og Arild Wiersen.
Dei viser til mange hyggelege kaffipausar og drøsestunder. Nå ønskjer dei at flest mogleg sveibuar og tilreisande skal ta stien i bruk og oppleva det vakre naturlandskapet langs ruta.