nyhende

Denne bøya har ligge i Hovdavika i om lag eitt år.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Denne bøya har ifølgje Cato Helgesen ligge i Hovdavika i om lag eitt år. Flenga er stork og det er fare for spreiing av isoporkuler.

Stor bøye har skylt på land og lekk isopor

Ein stor raud bøye ligg sprokken i Hovdavika og lekk isopor. — Eg håpar at eigarane kan kome og hente den, seier Cato Helgesen.

Publisert Sist oppdatert

— Den ligg her nede, seier Cato Helgesen.

For eit år sidan skylde det ein stor, raud bøye på land i Hovdavika.

Han har kontakta Vestavind, i håp om at det skulle rettast merksemd mot forureining som vert skylt inn langs kysten.

— Det er typisk at det kjem skyljande inn her, seier han.

Flenga i bøya er stor, og det renn ut isopor.

Helgesen er tydeleg på at det dessverre ikkje er første gong noko liknande har skjedd.

— Det flotte var at sist gong, då det vart omtalt, kom eigarane raskt og rydda opp etter seg, seier Helgesen.

«Bømmelhamn»

Han trur den store, raude bøyen kjem vestfrå. Det er grunne skrifta på undersida, der det står «Bømmelhamn».

Bøyen har fått hard medfart av sjøen. Den harde plasten rundt har sprokke og lekker no isopor frå fleire store hol.

— Eg er uroa for at sjøen skal ta den med seg ut att. Då vert forureininga spreidd mykje meir, seier han.

— Ta vare på naturen

Helgesen er veldig glad i naturen, også den som ikkje finnast på land.

Det kjem stadig rekande inn søppel i Hovdavika.

— Det er viktig at me forvaltar naturen på ein god måte og tek vare på den, seier han.

Sjølv er han ute i båt året rundt, og han bur i nærleiken av Hovdavika.

Han beskriv det som ein flott stad i fint ver, og seier at det ikkje berre er boss som skyljast på land.

— Ein gong fann eg ein flaskepost i frå Danmark, fortel han.

Mange tar med pose

Helgesen fortel at han er glad for å sjå kor vanleg det har vorte å ha med seg ein pose til boss som ein finn på tur. Særleg blant dei yngre.

— Dei er så flinke på å rydde opp, seier han.

Powered by Labrador CMS