nyhende
Stoppa ruskøyrar
Ein mann i 20-åra blei stoppa av politiet onsdag ettermiddag. Han er mistenkt for ruskøyring og hadde dessutan ikkje gyldig førarkort.
– Me fekk melding klokka 17.50 om vinglete køyring ved Sundfør. Politiet klarte etter kvart å innhenta og stoppa bilen, fortel vaktsjef ved Haugesund politistasjon Herman Emil Eileraas.
Bilføraren viste seg å vera ein mann i 20-åra som ikkje hadde gydlig førarkort. Han er dessutan mistenkt for køyring i rusa tilstand. Mannen blei tatt hand om av politiet og er meld for begge dei straffbare forholda, fortel Eileraas.