nyhende
Stoppa folk i starten
På Joker i Førde er ekstra reinhald ein del av dei daglege rutinane på ubestemt tid.
Klokka er halv ni om morgonen då Vestavind kjem inn dørane på forretningen. Me blir møtt med ein spritautomat, og instruksjonar om korleis den virkar.
Ved handlekorgene står Wioleta Stachurska med hanskar, klut og vaskebøtte. Ho jobbar seg nedover stabelen med små korger. Hankane blir vaska, over, under og på sida. Dette er ein del av dei daglege reinhaldsrutinane.
– Me har hatt ein eigen tilsett som tar seg av ekstra vasking, slik som korger og berøringspunkt ein gong for dagen, fortel dagleg leiar Solveig Fosse. Kvar dag butikken er open blir det vaska i om lag fire timar – då inkludert det vanlege reinhaldet.
– Kundane er flinke, dei er reine på nevane når dei handlar. Men i starten måtte eg faktisk stoppa folk, og få dei til å vaska seg, seier Fosse. Spritautomaten som ein må bruka foten for å pumpa ut sprit står strategisk plassert innafor døra, slik at alle blir påminna i det dei går inn. Og skulle den vera i ustand, står det ei spritflaske på disken, samt at vasken i samband med panteautomaten er like til venstre for inngangen. Felles for mange av dei minste butikkane i landet, er at dei har hatt ein omsetnad over normalen i sommar.
– Det har me hatt her også, opplyser Fosse, som i desse dagar førebur butikken på jul – sjokolade, kaker og anna knask er i bestilling.