nyhende

PolitiUP er ikkje berre å treffa på E39. Det fekk trafikantar på Ålfjordvegen merka tysdag.

Stoppa bil på veg gjennom Førde

Måndag vart ein bil stoppa av ein patrulje frå politiet.

Publisert Sist oppdatert

Nærmare klokka 13.00 måndag fekk politiet varsling om ein sjåfør på E39.

– Det er folk som har reagert på vinglekøyring, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon Britt Jorunn Løvereide.

Bilen var på veg nordover langs E39 i Førde og vart stansa av ein patrulje frå politiet.

– Den vart kontrollert av patruljen. Der var det ein mann i 80-åra som hadde køyrd ganske langt og var rett og slett ukonsentrert, seier Løvereide.

Vinglinga fekk ingen andre reaksjonar enn ei venleg oppmoding.

– Han fekk beskjed om å kvila seg litt, avsluttar Løvereide.

Powered by Labrador CMS