NPK-NTB: Jens Stoltenberg seier frå seg stillinga som sentralbanksjef. Han har informert Finansdepartementet om avgjerda.
– Eg har i dag takka ja til å halde fram som generalsekretær i Nato. Vi står overfor ei lagnadstid for europeisk tryggleik, seier Stoltenberg i ei fråsegn.
– Samtidig har eg informert Finansdepartementet om at eg frasier meg stillinga som sentralbanksjef. Nato treng ein generalsekretær som ikkje over lengre tid er på veg ein annan stad, spesielt no.
– Eg er takksam for tilliten som Natos stats- og regjeringssjefar har vist meg, og vil vie all mi merksemd til å leie alliansen gjennom denne krevjande tida.
Ida Wolden Bache ny sentralbanksjef
Ida Wolden Bache blir utnemnd som ny sentralbanksjef for ein åremålsperiode på seks år, opplyser Finansdepartementet.
Det vart klart etter at Jens Stoltenberg trekte seg frå stillinga for å halde fram som generalsekretær i Nato.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vil så snart som mogleg leggje fram ei innstilling for Kongen i statsråd om utnemninga, opplyser Finansdepartementet.
– Det er kort tid sidan vi fullførte ein grundig tilsetjingsprosess der Ida Wolden Bache vart vurdert som svært kompetent for stillinga. Ho har allereie fungert som sentralbanksjef i nokre veker, og fyller rolla på ein god måte. Noreg har ein utmerkt sentralbanksjef i henne, seier Vedum.

Ida Wolden Bache blir ny sentralbanksjef.FOTO: NPK