nyhende

FHI-direktør Camilla Stoltenberg på pressekonferansen om koronasituasjonen tysdag.Foto: Ingrid B. Myklebust/Statsministerens kontor
FHI-direktør Camilla Stoltenberg på pressekonferansen om koronasituasjonen tysdag.

Stoltenberg: Kan bli ei stor bølgje dei neste vekene eller månadene

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: FHI-direktør Camilla Stoltenberg seier at tala på koronainnlagde vil auke framover, men at det er rett å opne opp no.

– Vi står sannsynlegvis framfor nokre veker, kanskje eit par månader, med ei stor bølgje av pandemien, seier Stoltenberg.

Ho viser til at talet på innlagde med korona som hovudgrunn auka med 30 prosent frå veke to til tre, og at det vil halde fram. Samtidig viser tala at mengda innlagde på intensivavdelingar ikkje aukar tilsvarande.

– Likevel vil mange, særleg uvaksinerte, kunne bli sjuke, seier Stoltenberg.

I sitt faglege råd til regjeringa skriv Folkehelseinstituttet (FHI) at det vil bli ein topp i midten av februar og at vi på det meste kan få 100–300 daglege innlagde og opp mot tusen som er innlagt samtidig.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS