nyhende

Stipendmottakarane Hannah Haftorsen (t.v.), Andreas Nordentoft Ekrene og Emil Fjeldheim. Marion Haugland Mannes er på reise og var ikke til stade under stipendutdeling. FOTO: HTG
Stipendmottakarane Hannah Haftorsen (t.v.), Andreas Nordentoft Ekrene og Emil Fjeldheim. Marion Haugland Mannes er på reise og var ikke til stade under stipendutdeling.

Stipend til fotball-talent frå Sveio

FKH-spelaren og HTG-eleven Andreas Nordentoft Ekrene frå Sveio avslutta 2022 med å ta imot eit idrettsstipend.

Publisert Sist oppdatert

Det var under juleavslutninga til Haugesund Toppidrettsgymnas (HTG) at det vart delt ut til saman fire stipend til elevar som har utmerkt seg.

Mellom stipend-mottakarane var Andreas Nordentoft Ekrene frå Sveio.

«Dette stipendet blir tildelt ein flott representant og rollemodell for HTG-eleven. Denne utøvaren jobbar dedikert og systematisk for å oppnå sine mål innan både idretten og på skulen. Eleven har valt å ta full realfagspakke, noko som fører til mykje eigeninnsats på fritida, då utøvaren er mykje på samlingar og treningar. Det siste året har denne personen tatt steget opp på seniornivå og blitt tatt ut på landslag i sin årsklasse. Dette har også resultert i jamleg hospitering inn mot A-lag. I treningskvardagen er utøvaren nysgjerrig og lærevillig, eit godt eksempel for treningsgruppa. Han liker ikkje treningsfri, dette må stå i planen, elles finn vi han fort på banen eller i styrkerommet» heiter det i grunngjevinga til juryen.

Dei andre som fekk idrettsstipend er Marion Haugland (fotball) og Emil Fjeldheim (padling). I tillegg fekk Hannah Haftorsen Skjold (klatring) fekk idrettsledestipendet.

Stipendene er gitt av SR-Bank, Solstad Rederi AS og HTG. Idrettsglede-stipendet er gitt av TV Haugaland.

Powered by Labrador CMS